Fleirtal vil ta imot sårbare flyktningar
Noreg bør prioritere å ta imot dei mest sårbare flyktningane. Det svarar 55 prosent av dei spurde i ei undersøking Amnesty International i Noreg står bak.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I undersøkinga, som er gjennomført av Respons Analyse, blir det spesifisert at dei mest sårbare blant anna er krigsskadde, einslege barn, einslege kvinnelege forsørgjarar, torturoverlevande og seksuelle minoritetar.
Mens 55 prosent svarar at desse flyktningane bør prioriterast, svarar 11 prosent at dei er ueinige, skriv Dagsavisen.
LES OGSÅ: Rettferdig, men streng asylpolitikk?
Dei spurde vart også bedt om å ta stilling til om Noreg bør prioritere å ta imot dei «lettast integrerbare flyktningane». 27 prosent svarte at dei er einige i denne prioriteringa, mens 21 prosent sa seg ueinige. 46 prosent var verken heilt einige eller ueinige i påstanden.
– Dette viser at fleirtalet er ueinig i politikken til den sitjande regjeringa om at det er dei lettast integrerbare flyktningane som bør prioriterast, seier generalsekretær John Peder Egenæs i Amnesty til avisa.
LES OGSÅ: Kvar er humaniteten, Noreg?
Han meiner Noreg må forplikte seg til å ta imot fleire av dei mest sårbare flyktningane i ei ny regjeringserklæring etter valet.
På spørsmål frå avisa om Noreg bør ta imot fleire sårbare flyktningar, svarar statsminister Erna Solberg (H) slik:
– Eg meiner vi har auka. Og vi er eitt av dei landa som tar imot mest, så tenkjer eg at kanskje fleire land bør ta imot kvoteflyktningar.
LES OGSÅ: Noreg har tatt imot 0,3% av asylsøkjarane i Europa