Møre-Nytt
Møre-Nytt

Saka var først publisert i Møre-Nytt. 

23 år gamle Pia Øye frå Volda vedgår at ho og sambuaren kastar litt meir brukbar mat enn dei burde gjere.

– Eg skulle ha ønska at vi vart flinkare til å berekne porsjonar. Ofte lagar vi litt for mykje og må kaste mat. Det gjeld til dømes poteter og ris, fortel  ho, men understrekar samstundes at dei på ingen måte er blant dei som kastar aller mest mat.

Pia Øye var torsdag innom standen som Framtiden i våre hender har i gågata i Ålesund under matfestivalen, i samarbeid med dei tre renovasjonsselskapa på Sunnmøre – Årim, VØR og SSR.

På eit stort matkastebord er det lagt fram 46,3 kilo med matvarer. Dette tilsvarer den mengda med fullt brukbar mat som gjennomsnittsnordmannen kastar kvart einaste år.  At så mykje mat går rett i avfallsdunken, tykkjer Pia Øye er ille.

– Vi prøver heile tida å verte flinkare, slik at vi kan redusere menga mat som vert kasta, seier ho.

LES OGSÅ: Unge kastar mest grønsaker 

Handlar ein gong i veka
Pia Øye fortel at dei er ganske flinke til å planleggje innkjøp.

– Vi brukar å gå i butikken ein gong i veka og handle inn for ei heil veke, fortel ho.

Ho veit forskjellen på «siste forbruksdag» og «best før», og fortel at ho rett som det er opnar emballasjen og luktar på maten for å kjenne om den framleis går an å ete.

LES OGSÅ: Bunnpris satsar på snåle egg 

Et restemat
– Og så et vi ofte restemat. Onsdag hadde vi steikt ball til middag, etter å ha ete kokt ball på tysdag.

Eit anna godt knep dei nyttar for å redusere kasting av brød, er å fryse ned oppskore brød og så ta ut etter kvart det ein treng til kvart måltid.

LES OGSÅ: Folkerop etter stygge poteter 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11
ANNONSE