Folk er ikkje betre til noko berre fordi dei trur at dei er det.

Ein dag i 1995 rana ein stor, tung, middelaldrande mann to Pittsburgh-bankar midt på lyse dagen. Han hadde ikkje maske eller nokon form for forkledning. Og han smilte til overvakingskameraa før han gjekk ut av kvar bank. Seinare same kveld arresterte politiet ein overraska McArthur Wheeler. Då dei synte han overvakingsbanda, såg ikkje Wheeler ut som om han trudde det han såg.

«Men eg hadde jo på meg juice,» mumla han. Tilsynelatande trudde Wheeler at å hella sitronsaft på huda ville gjera han usynleg for videobandkamera. Sitronsaft er brukt som usynleg blekk, trass alt – så så lenge han ikkje kom nær ei varmekjelde, burde han ha vore heilt usynleg.

Politiet konkluderte med at Wheeler ikkje var galen eller rusa – han tok berre utruleg feil.

Dunning-Kruger

Psykologen David Dunning ved Cornell University fekk høyre soga, og sende avgangsstudenten Justin Kruger for å sjå kva som hende. Dei resonnerte seg fram til at medan nesten alle held gunstige syn på sine eigne sosiale og intellektuelle evner, vurderer nokon feilaktig evnene sine til å vera mykje høgare enn dei faktisk er. Denne «sjølvtillitsillusjonen» vert no kalla «Dunning-Kruger-effekten», og skildrar den kognitive tendensen til å blåse opp vurderinga av seg sjølv.

For å undersøkja dette fenomenet i laboratoriet sitt, laga Dunning og Kruger nokre smarte eksperiment. I eitt stilte dei bachelor-studentar ei rekkje spørsmål om grammatikk, logikk og vitsar, og ba etterpå kvar elev om å anslå både poengsummen sin og korleis dei gjorde det samanlikna med dei andre studentane.

Interessant nok var det slik at studentane som fekk det lågaste resultatet i desse kognitive oppgåvene alltid overvurderte kor godt dei hadde gjort det – veldig mykje. Studentar som fekk under 25 prosent rett anslo at dei hadde gjort det betre enn to tredjedelar av dei andre studentane!

Idol-taparane

Denne sjølvtillitsillusjonen strekkjer seg langt utover klasserommet, og gjennomsyrar kvardagen. I ein oppfølgingsstudie forlét Dunning og Kruger laben og gjekk til ein skytebane der dei spurde hobbyskytarar om våpentryggleik. I likskap med dei tidlegare funna var det slik at dei som svara rett på færrast spørsmål hadde overvurdert kunnskapen sin om skytevåpen.

Ser du vekk i frå det vi har fakta om, kan Dunning-Kruger-effekten òg observerast i sjølvvurderinga folk har av evnene sine. Viss du ser talentkonkurransar på fjernsyn i dag vil du sjå sjokkerte andlet til deltakarar som ikkje klarar seg vidare frå første runde og vert avvist av dommarane.

Medan dette nesten er komisk for oss, er desse menneska verkeleg ikkje klar over kor mye dei har vorte leidd på villstrå av den falske overlegenheita si.

Inkompetente folk insisterer på at deira måte å gjere ting på er rett.

Ukunne gjev tillit

Det er altså normalt at folk overvurderar evnene sine. Ein studie fann at 80 prosent av sjåførane vurderer seg som over gjennomsnittet – noko som ikkje er mogleg. Og lignande trendar har vorte funne når folk vurderer den relative populariteten sin og kognitive evnar. Problemet er at når folk er inkompetente, når dei ikkje berre feil konklusjon og gjer uheldige val, men dei mistar òg evna til å realisera feila sine.

I ein semesterstudie av studentar kan gode studentar betre føresjå prestasjonane sine på framtidige eksamenar gjeve tilbakemelding om poengsum og relativ prosent. Dei dårlegaste studentane kunne likevel ikkje føresjå kor dårleg dei ville gjere det,  trass i klare og gjentekne meldingar om dette.

I staden for å bli forvirra, rådville eller fulle av tankar om sine feilaktige måtar å spå på, insisterer inkompetente folk på at deira måte å gjere ting på er rett. Som Charles Darwin skreiv i The Descent of Man (1871): «Ukunne gjev deg oftare tillit enn kunnskap gjer.»

Smarte menneske ikkje betre

Interessant nok klara heller ikkje smarte menneske å vurdera evnene sine nøyaktig. Like mykje som D- og F-studentar overvurderer evnene sine, undervurderar A-studentane sine. I studien sin fann Dunning og Kruger ut at studentar som presterer bra – med betre resultat enn 75 prosent av dei andre studentane – undervurderer den relative kompetansen sin. Desse studentane antok at viss desse oppgåvene var enkle for dei, måtte dei vera like enkle eller endå enklare for alle andre.

Dette såkalla bedragarsyndromet kan samanliknast med det omvende av Dunning-Kruger-effekten: Høgpresterande klarar ikkje å sjå kva dei kan, og trur at andre er like kompetente som dei sjølve. Skilnaden er at kompetente menneske kan gjere, og gjer, justeringar i sjølvvurderinga si om dei får melding om det, medan inkompetente individ ikkje klarar dette.

Og der ligg nøkkelen til å ikkje enda opp som den tåpelege bankrøvaren. Nokon gonger prøver vi ting som fører til gunstige utfall, men andre gonger – som med sitronsaft-idéen – er tilnærmingane våre ufullkomne, irrasjonelle, udugelege eller berre rett og slett dumme.

Trikset er å ikkje bli lurt av illusjonar av overlegenheit og å læra å nøyaktig revurdera kompetansen vår. Når alt kjem til alt, som Confucius skal ha sagt, er sann kunnskap å vita  omfanget av det ein ikkje veit.

Kate Fehlhaber er redaktør i Knowing Neurons og phd-student i nevrovitskap ved University of California, Los Angeles. Teksten var først publisert i Aeon.co og er omsett til nynorsk av Arnt Olav Foseide under CC BY-ND 4.0-lisens.

Oppdatert: måndag 16. oktober 2017 17.29

Kommentarar

ANNONSE