Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 31.08.2020 10:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei 50.000 færøyingane som har busett seg på nokre holmar uti Atlanterhavet er for lengst leie av å bli oversette av Google. For eit par år sidan festa dei difor kamera på dei mange sauene sine og lanserte Google Sheep View som eit Færøyane-venleg alternativ til Google Street View.

No har dei gjort det igjen. Sidan Google Translate ikkje har støtte for færøysk språk, har færøyingane tatt saka i eigne hender og lansert Faroe Island Translate.

Her kan du skriva inn ei setning du vil ha omsett til færøysk. Ei kort stund etterpå får du sjå ein filmsnutt der ein vaskeekte færøying les setninga høgt på sitt eige morsmål.

Med på kjøpet får du litt reklame for Færøyane og flyselskapet Atlantic Airways. For målet med kampanjen er sjølvsagt å trekkja turistar til det forblåste øyriket.

Ifølgje Dansk markedsføring, som skreiv om kampanjen torsdag, har kampanjen fått merksemd verda over, og det renn inn med omsetjingsønske frå så vel Russland som Sør-Amerika. Til å byrja med hadde Visit Faroe Islands rekruttert 60 frivillige færøyingar til å bidra med omsetjing, men måtte raskt utvida.

Beyoncé-fans som me er, ville me gjerne høyra setninga «All the single ladies» på færøysk. To minutt etter at me hadde trykt på send, fekk me denne videoen der ein tilfeldig færøying har omsett Beyoncé til det vakre, vestnordiske språket: