Bli med på ei kulturhistorisk reise til Færøyane saman med ein ekte entusiast.

(NPK-Kari Hamre):
(NPK-Kari Hamre):
Faktaboks

Litt fakta om Færøyane:
Færøyane er ein del av det danske kongedømet, men står utanfor EU. Øyriket er heller ikkje med i Schengen, men innbyggjarane reiser som folk i Schengen-landa. Dei har både færøysk og dansk pass, og kan velje mellom desse.

Færøyane har ikkje eige forsvar, men nyttar dansk Nato-medlemskap.

Nasjonen har eige flagg, nasjonalsong og eigne frimerke, men har ikkje plass i FN.

Pengesetlane har færøyske motiv, men myntane er danske.

Færøyingane har eige språk og kultur, men sterke røter til nabolanda.

Den grøne øygruppa ligg om lag 60 mil frå norskegrensa. (©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

Forfattar og journalist Ottar Fyllingsnes har vore på Færøyane mange gonger, og opplevd alle årstidene. Han fall pladask for dei 18 øyane vest for Noreg og har no skildra fascinasjonen sin i boka «Færøyane».

Gjennom 48 kapittel med ulike tema og mange foto av natur og folk får vi vere med Fyllingsnes og fotograf Harald Hognerud på ei kulturhistorisk reise til den vesle øynasjonen på 62 grader nord, om lag på same breiddegrad som Måløy og Dovre. Vi får høyre om hopehavet mellom nordmenn og færøyingar, både i samtid og fortid.

Gjestmilde øyar
Færøyane skal ha fått namnet sitt etter dei mange fåra, eller sauene. Dette er altså «saueøyane», men her bur også om lag 49.000 menneske,  3,5 millionar sjøfugl og rundt 70.000 sau.

– Kva er det med Færøyane som fascinerer deg så sterkt?

– Eg vart «hugteken» i både folket og øyane. Naturen er unikt vakker og ypparleg for fotturar. Det er lett å kome seg på dagstur til dei ulike øyane, nokre med bil, andre med båt. Der er også mange idylliske bygder. Og så er det ikkje minst eit veldig gjestmildt folk. Og når dei høyrer du er nordmann, blir dei endå meir gjestmilde. Dei føler eit slags slektsskap med nordmenn, seier Ottar Fyllingsnes til Nynorsk pressekontor.

Norske band
Færøyane var norsk land i fleire hundre år. Under Kielfreden i 1814 vart Noreg tilhøyrande svenskane, som ikkje fekk Færøyane og dei andre øyane i vest med på kjøpet. Færøyane vart att i det danske riket, men mange færøyingar i dag har framleis nær kontakt med Noreg på eitt eller anna vis.

Vikingane reiste i vesterveg for å søkje etter nytt land på 800-talet, færøyingane i dag søkjer etter arbeid i norske farvatn. Mange færøyingar flytta til Noreg på 1990-talet grunna den økonomiske krisa på heimstaden. I dag er det færøyingar over alt i Noreg, og i alle typar stillingar, sjølv om det er mest Danmark dei reiser til for å ta utdanning og skaffe seg arbeid.

Attkjennande språk
Det færøyske språket er i slekt med både islandsk og dei vestlandske dialektane. Færøyingane har også skapt mange nyord med ein særeigen, færøysk sveip.

I over 300 år vart det ikkje skrive færøysk på øyane, men dei har erobra sitt eige språk att, og i dag er det sjølvsagt at folk både snakkar og skriv færøysk.

– Det har vorte hevda at ein færøying og ein sogning eller setesdøl kan snakke saman på kvar sitt mål og forstå kvarandre, men det er ikkje heilt sant. Ein nordmann forstår nokre færøyske ord, men har vanskar med å forstå samanhengen, seier Fyllingsnes. Men legg til at det likevel er lett å kommunisere med innbyggjarane fordi dei lærer dansk på skulen. Alle snakkar dansk med ein færøysk vri, og det blir om lag som norsk.

Folkeslaget
– Korleis er færøyingen?

– Han er veldig stolt av den færøyske identiteten sin – av språket, litteraturen, musikken og kunsten. Færøyingen er tradisjonsbunden, men likevel veldig moderne, fleksibel og internasjonal. Han flyttar gjerne for å få seg jobb når det er nedgangstider. Færøyane har vore eit svært religiøst samfunn, men er i ferd med å bli meir sekulært, seier Fyllingsnes.

Solrike, gode minne
På Færøyane skiftar vêret før du får snudd deg. Vaknar du opp til skodde og regn, kan det hende sola skin før du er ferdig med frukosten. Det regnar tre av fire dagar, men sjeldan mykje. Så det er ikkje soltilbedarane som vert trekte mot desse øyane. Men trass i vêret er turiststraumen aukande. Stadig fleire vil oppleve noko som er annleis.

– Det er noko rart med Færøyane. Du hugsar berre solskinsdagane frå dette regnlandet, sjølv om kanskje fotografia frå turane dit fortel om noko anna. Men slik er det å vere forelska, seiest det. Du ser berre dei gode sidene, dei som du likar. Det er folka, naturen og musikken som pregar den fantastiske, færøyske sommaren. Kvar dag heile sommaren er det konsertar, mange av dei gratis, både i bygder og byar. Overalt treffer du hyggelege folk, både fastbuande og turistar, som overraskar positivt på eitt eller anna vis, seier Ottar Fyllingsnes i boka.

Les meir:

Det er ferietid. Men ferien mange eigentleg vil ha, er den perfekte ferien på Facebook. Astrid Underlid vil ha «All-inclusive happiness».

Me møtte «black-packers» – turistar som kjem til Noreg for å oppleva ekte svartmetall. Dei vart skuffa då. Her kan du lesa kvifor.

Twitter-kjendisen Martin Årseth var nyleg på Færøyane – han skulle læra seg færøysk sjølv, for å læra det vidare til sonen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE