Terror: Ingenting å vera redd for


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Frå å sjå på meg sjølv som ein ganske såkalla mjuk mann, har eg dei seinaste åra følt meg meir og meir tøff og macho. Grunnen til dette er at det stendig ser ut til å bli meir frykt i samfunnet, medan eg personleg går gjennom kvardagen utan å vera redd for noko som helst.

Er eg berre veldig tøff, eller kan det vera samfunnet det har vorte noko veldig rart med?

«Vi må ta folks frykt på alvor»

I ulike variasjonar, har denne påstanden vore eit populært mantra frå diverse populistar i det siste. Eit enkelt Google-søk syner at det er særleg to former for frykt som no er utbreidde i Noreg. Det er for det fyrste frykta for ulven, og så er det frykta for den verkeleg store og stygge ulven, nemleg dei muslimske terroristane. Den såkalla ulvedebatten skal eg ikkje blande meg bort i.

Jamvel om det reint intuitivt slår meg som underleg å vera redd for eit dyr som ikkje har drepe eit menneske i dette på landet på Gud veit kor mange år, har eg for lite kunnskap om ulv til å uttala meg om folks frykt for ulven (kanskje ser dei ulven med ein saus blikk, då er redsla plutseleg meir forståeleg). Men når det gjeld den andre store debatten, om islamsk terror, trur eg at eg veit cirka like mykje som mange andre forståsegpåarar som skriv skittviktige kronikkar à la denne.

Kan ikkje anna enn le

Det gjer meg kanskje til eit dårleg menneske, men når folk påstår at dei er redde for islamsk terror i Noreg, kan eg ikkje anna enn le. Eg treng ikkje ein gong å dra det opplagte argumentet om at det einaste terroråtaket på norsk jord i nyare tid, vart utførd av ein mann som nettopp hadde muslimar som si store frykt (at han etter mi meining er paranoid-schizofren og burde vore sendt på galehus, er ei anna sak).

Det kan faktisk godt hende at muslimar utfører eit terroråtak i Noreg. Ein del menneske kan bli drepne. Til samanlikning døydde 135 menneske i trafikken i Noreg i fjor, men er ein av den grunnen redd når ein set seg inn i bilen sin og køyrer til jobb?

Sperringar i gågata

Malapropos trafikk: Eit av dei store problema i Europa i det siste har jo vore terroråtak i form av villmannskøyring inn i store folkemengder. Dette meiner dei mange skremselspropagandistane i Noreg at vi òg må verne oss imot. Det er farleg å gå i 17. maitog. Gågatene, jamvel i småbyar i Noreg, må ha sperringar i endene for å hindre tullingar i å køyre inn og meie ned folk.

Saka held fram under bilete

London opplevde to åtak våren 2017. I begge tilfeller køyrte gjerningsmannen gjennom store folkemengder. Foto: Defence Images/Flickr

Denne trua på at vi kan verne oss mot alle uhell basert på røynsler med liknande uhell, er eit klassisk døme på det lækjaren og forfattaren Bert Keizer kallar «the hallucinatory nonsense of the causality addict». Vi kan sikkert hindre ein galen jihadist frå å køyre ned i gågata i Kolvereid eller på Fagernes, men den same personen kan i staden køyre seg ein tur gjennom Trondheim sentrum ei laurdagsnatt, og med lettheit valse over ein haug med folk som er så fulle at dei knapt nok vil freista å springe til sides. Skal vi av den grunnen nekte folk å gå ut på byen?

Har ein ei bombe, er det jo vanskeleg no å koma seg inn på eit fly med henne. Men kven kan hindre den same personen i å gå på ein fullpakka buss i rushtida, eller inn i det nemnde 17. maitoget og detonere bomba si? Skal ein innføre sikkerheitskontrollar også på bussar, eller i 17. maitoget?

Irrasjonell frykt

Eit av dei siste stunta til vår kjære ekskluderingsminister Sylvi Listhaug i valkampen, var utspelet om at vi må «utfordre» dei internasjonalt bindande menneskerettane «for å trygge befolkningen». Som om menneska i verdas beste land å bu i, ikkje allereie er trygge. Listhaug er sjølvsagt ei av dei som har aller mest å vinne på å hause opp den irrasjonelle frykta hjå folk, så det er ikkje anna å vente frå den kanten.

Personleg har eg ikkje trua på å bruke livet sitt på å gå ikring og vera redd, aller minst for andre menneske, som berre sjeldan vil deg vondt. Jamvel vi nordmenn skal jo før eller sidan døy, av ei eller anna meir eller mindre idiotisk årsak. Men sjansen for at det blir av eit terroråtak, er så liten at han knapt er verd å snakke om. Difor skal eg no vera stille.