PST bekymra over utviklinga blant høgreekstreme

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den høgreekstreme gruppa som kallar seg Den nordiske motstandsbevegelsen (DNM), gjekk i nazimarsj i Kristiansand laurdag. Ifølgje NRK kallar gruppa demonstrasjonen «Seieren i Norge» på sine nettsider.

– Dette er eit eksempel på ei utvikling i miljøet som ikkje er ønskeleg. Vi ser auka vilje til å organisere seg og vi ser også auka kontakt over landegrensene, særleg til Sverige, seier PST-sjef Benedicte Bjørnland.

DNM har fleire medlemmer i Sverige enn i Noreg, men også den norske gruppa har fått fleire medlemmer «i den seinare tid», ifølgje PST.

– Grunnen til at vi er lite glade for tilknyting over landegrensene er at ein for Noregs del hentar legitimitet og kunnskap i eit miljø som er større og sterkare enn i Noreg, seier Bjørnland.

Forskar ved Senter for ekstremismeforskning ved UiO Jacob Ravndal seier det er dei svenske medlemmene av gruppa «som drar i trådane». Han har også merkt seg ei markant utvikling på norsk jord.

– Det har vore eit tydeleg taktskifte i aktiviteten til denne gruppa i Norge det siste året, seier Ravndal.