Utdanning

«Nei til å kutte i eller dele opp sommarferien!»

Problemet er ikkje lang sommarferie, men at undervisninga er for teoretisk og stressande, skriv Sandra Tenud, lærarstudent og sentralstyremedlem i AUF.

Sandra Tenud (26)
Sentralstyremedlem i AUF
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget er eit svar på Civita-rådgjevar og fylkestingsrepresentant for Høgre Oda Oline Omdal sitt innlegg hjå NRK Ytring. I ein tidlegare versjon av innlegget stod det at forslaget var fremma av Unge Høgre. Dette er retta etter at Omdal tok kontakt for å presisera at ho ytra seg som Civita-rådgjevar.

Vi i AUF er grunnleggande ueinige med Civita-rådgjevar og Unge Høgre-politikar Oda Oline Omdal om kva ein barndom skal vere. For oss er det viktig at barn får like gode moglegheiter til å lukkast, men også til å vere barn. Ein lang sommarferie gir elevar ei sårt tiltrengt pause og moglegheit til å lade opp batteria.

Det er urettferdig at Høgre har skapt ein skule med store forskjellar og eit enormt fokus på karakterar, press og stress. Unge slit med motivasjonen, dei kjeder seg meir enn før, stressar meir enn før, og lærer ikkje dei grunnleggjande ferdigheitene godt nok. Problemet er ikkje lang sommarferie, men at undervisninga er for teoretisk og stressande. Dette må vi ta tak i med meir praktisk undervisning og mindre fokus på pugging. Å gjere sommarferien kortare bidrar ikkje til dette.

Det er urimeleg at kor god råd foreldra dine har, kan påverke kor godt du gjer det på skulen, men også kor mykje du kan oppleve og lære i løpet av sommaren. Vi må fylle sommaren med gratis og rabatterte kultur-, idretts- og fritidsaktivitetar, gratis kollektiv og fleire sommarjobbar.

quote-left

Problemet er ikkje lang sommarferie, men at undervisninga er for teoretisk og stressande

quote-right

Om Civita-rådgjevar og Unge Høgre-politikar Oda Oline Omdal meiner at barn mister læringsutbytte på grunn av lengda på sommarferien, er vi grunnleggande ueinige i korleis barn faktisk lærer. Barn lærer matte når dei tel kor mange gonger dei hoppar tau eller kor mange meter dei klatrar i tre. Dei lærer å sosialisere seg og bygge relasjonar når dei får vere med venner. Dei lærer språk når dei øver på engelsk når dei skal kjøpe seg is. Og dei får lada opp energien dei treng for å igjen setje seg på skulebenken.

Løysinga må vere å få ned forskjellane og presset i skulen, og å sikre at dei elevane som ikkje har foreldre med god råd som flyr dei på ferieturar og gir dei kulturopplevingar, får like gode moglegheiter til å oppleve dette.

Eg er heilt ueinig i at sommarferien må kortast ned. Sommarferien er lang nok til at stresshormona og andre bekymringar får tid til å roe seg, og ein kan starte eit nytt skuleår med blanke ark. Elevane treng dette, og dei treng å kjede seg litt og lengte etter å byrje på skulen igjen.

Her foreslår ein ikkje berre å fjerne elevane sin fortente lange ferie, men også å dramatisk endre arbeidslivet til lærarar, dei tilsette rundt elevane og foreldra. Sjølv har eg gått nokre år på lærarstudiet og meiner ikkje at politikarar si oppgåve er å gjere yrket mindre attraktivt. Vår oppgåve må vere å gjere skulen betre.

quote-left

Skulen skal ikkje berre handle om å presse mest mogleg kunnskap inn i hovuda til elevane, men også sikre ein god barndom som varer livet ut

quote-right

Omdal sitt forslag svarar ikkje på korleis vi skal få ned forskjellane i skulen. Det å seie at ein må vere på skulebenken gjennom sommaren for å lære, er ei spesiell form for akademisering. Vi i AUF er imot meir testing og pugging i barnehage og dei minste trinna. Høgre har alltid kjempa for å akademisere både barnehage og skule, men vi meiner det er viktig å la barn vere barn. Skulen skal ikkje berre handle om å presse mest mogleg kunnskap inn i hovuda til elevane, men også sikre ein god barndom som varer livet ut.

Rapporten frå USA Omdal viser til, som påstår at kortare ferie fører til betre læring, er einsidig. Forsking viser også at lengre feriar gjer barn meir uavhengige og ansvarlege. Argumentet om at ein mistar mykje læring, er vanskeleg å dokumentere. 

Om målet med dette forslaget er å redusere forskjellane i skulen, finst det andre tiltak som er langt meir effektive enn å korte ned sommarferien. For eksempel kan vi fjerne lekser, jobbe med vurderingssystemet og gi lærarane meir fleksibilitet til å tilpasse undervisningsopplegget til sine eigne elevar. Vi må tenke langsiktig og heilskapleg for å sikre at alle barn får ein god barndom og like moglegheiter til å lukkast i skulen.