Undersøking: Terrorfrykt påverkar reiseplanane for mange

Nesten halvparten av dei spurde i ei undersøking svarar at terrorfrykt har påverka reiseplanane deira i sommar. Tyrkia er nesten heilt ute som feriedestinasjon.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei undersøking Ipsos MMI har utført for Dagbladet kjem det fram at 29 prosent svarar at terrorfrykt i liten grad har påverka dei, 15 prosent svarar at terrorfrykt i nokon grad har påverka valet deira, mens 3 prosent svarar at terrorfrykt i stor grad har påverka valet deira av feriestad.

Kvinner har meir frykt for terror når dei tek stilling til reiseplanar enn menn. Folk i Midt-Noreg kjenner også meir på frykt enn dei som bur i Oslo. Sambuande har meir frykt enn einslege.

– Etter den siste hendinga på Borough Marked i London, merka vi ein stor nedgang i talet på reiser i vekene etterpå. Denne trenden har heldigvis snudd og salet av reiser er omtrent tilbake slik det var, seier pressekontakt Christine Hafnor i Apollo.

– Skepsisen til Tyrkia som reisemål har vore størst. Dei siste åra har det vore ein nedgang på nesten 90 prosent, og det er første gong på ti år at vi ikkje har eit einaste charterfly dit. På grunn av den reduserte kapasitet til Tyrkia har reiser til Hellas, Spania og Kroatia auka i år. Dette kan vera eit eksempel på korleis terrorfrykt påverkar ferievanane til nordmenn, seier Hafnor.

Marknadssjef Ellen Wolff Andresen i reisebyråkjeda Ticket har liknande erfaring.

– For få år sidan låg Tyrkia på tredje eller fjerde plass over dei mest populære reiselanda. No er landet heilt ute av ti-på-topp-lista vår. Det har med terrorfrykt og ustabilitet å gjera, seier Andresen.

Salstala frå reisebyråa viser at Spania, Hellas og Kroatia er dei tre mest populære reisemåla i sommar. Thailand har også kome høgt på prioriteringslista.