Robert Sutton, professor i leiarskap ved Stanford University i USA, har gjeve ut bok om korleis ein skal handtere dritsekkar.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 03.10.2017 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sutton laga fleire bøker som tek opp dette temaet, og den nyaste, The Asshole Survival Guide, er rett og slett ein guide for å takle dritsekkane du har ikring deg.

Ein dritsekk er nokon som får oss til å kjenne oss nedverdiga, tom for energi, lite respektert og/eller undertrykka, eller med andre ord, nokon som får oss til å kjenne oss som drit.

Å handtere dritsekkar er eit er eit handverk, ikkje ein vitskap, seier han, noko som tyder at ein kan vera god eller dårleg på det. Han meiner du kan verta betre på det.

– Kva gjorde deg interessert i dette emnet?

– Eg skreiv ei bok kalla The No Asshole Rule i 2007 om korleis ein kan skapa siviliserte arbeidsplassar, noko som fekk tusenvis av folk til å sende e-post, tweete og ha personlege samtalar med meg, alt frå leiarar til butikkarbeidarar, ingeniørar og prestar som fortalde meg historiene sine, og spurde meg på ulike måtar korleis dei skulle handtere dritsekkane i livet sitt, seier Sutton til Framtida.no.

Vart mobba i skulen

Sutton vedgår at han vart mobba i skulen, slik mange menneske blir.

– Men dei viktige tidlege røynslene mine fekk eg tidleg i 20-åra då eg hadde ein utnyttande og uhyggeleg rådgjevar og sjef. Trass i truslar frå han om å øydeleggja karriera mi skjønte eg med støtte frå venner, partnaren min og hjelp frå folk på jobben som tok mi side, at eg var i stand til å overleva, bli sterkare og gå vidare til ein vellukka karriere. Det eg tok med meg vidare frå det var at eg hadde allierte eg ikkje kjente til, som òg meinte han var ein dritsekk, og dei var villige til å hjelpe, noko eg aldri hadde trudd.

LES OGSÅ: Mange studentar blir mobba

Korleis handterer du dritsekkar til dagleg?

Boka til professor Robert I.Sutton er full av gode råd til korleis ein skal handtere dritsekkar.

Den enklaste, men samtidig vanskelegaste, tingen du kan gjere for å stoppe dritsekkar er å ikkje bry deg. Dritsekkar endrar som regel oppførsel om ingen bryr seg om det dei gjer. Om dette ikkje går, har han fleire andre råd:

– Om du dag etter dag har ein på jobb som får deg til å kjenne deg som drit, sei opp snøggast råd. Men ikkje ver idiot; planlegg slik at du kan halde fram med å betala rekningane dine og verna omdømet ditt.

Tilrår fysisk avstand

Om problema er mindre alvorlege, eller om du er fanga der du er, kan fysisk avstand vere eit godt tips.

– Det er prova at dersom du kan få minst 25 meter frå dei lokale dustane, vernar det både den fysiske og psykiske helsa di og reduserer sjansane for at du vert infisert av den giftige åtferda deira (det er mykje som tyder på at dårleg oppførsel spreier seg som forkjøling).

Sutton nemnar òg krafta til det å endre rammetilhøva, eller tankegang som vernar sjela di. Ein av dei kraftigaste vert kalla «temporal distancing», eller tidsreise i hovudet.

– Når nokon driv deg galen innbillar du deg at det er ein dag, ei veke eller eit år seinare og at du ser attende på det som hender i dag, og det vara verkeleg ikkje så lenge eller var ikkje så ille som det verka som det var på den tida.

LES OGSÅ: Eg vart baksnakka og behandla dårleg

Store skilnader i makt dreg fram det verste i oss

Mange undersøkingar syner at om ein kjenner seg mektigare eller har makt over andre aukar sjansane for at folk vil fokusera meir på eigne behov dei andre har og oppføre seg som om reglane ikkje gjeld for dei, hevdar Sutton.

– Forskinga syner at folk i luksusbilar som Mercedes er langt mindre tilbøyelege til å stoppa for fotgjengarar og andre bilistar enn førarar av meir audmjuke og billegare bilar.

Sanne vener seier sanninga

– Korleis fortel du vener at dei oppfører seg som dritsekkar utan å gjere dei sinte?

– Viss dei er sanne vener, trekk dei til side og ha ein roleg samtale. Eit godt døme på dette hende med meg på jobben min på Stanford. Som eg skriv i boka:

«Peter Glynn var avdelingsleiar i Stanford i fem år. Peter er ein audmjuk og usjølvisk kanadiar med sterke meiningar om høflegheit og rettferd. Eg hadde ein gong ein student som hadde mange irrelevante kommentarar i klassa, og som òg førte til mange klagar frå medstudenter om kor dårleg han jobba og kor øydeleggjande haldning han hadde. Etter at denne studenten sende inn ei dårleg skriven oppgåve, skreiv eg han ein blærande e-post som gjekk langt utover kritikk av arbeidet: Eg kritiserte karakteren hans og insinuerte at han var lat og ikkje hadde peiling. Studenten sende (rettmessig nok) e-posten vidare til Peter, som kalla meg inn på kontoret sitt og gjorde det klart at ingen lærar nokon gong skulle handsama nokon student på den måten, og kravde at eg unnskulda meg til studenten straks. Sjølvsagt hadde Peter rett. Eg unnskulda meg valdsamt til studenten, og eg takka Peter for å gjere meg merksam på kor grusam e-posten min var. Den samtalen med Peter stakk. Det er slik det er når ein lever etter «ingen dritsekk-regelen» ser ut og kjennast som – sanninga gjer vondt, men ting er langt verre når folk ikkje er villige til, eller ute av stand til, å høyra ho.»

– Vi alle kan vera mellombelse dritsekkar til tider, slik som eg var med den studenten. Eg var heldig å ha ein omsorgsfull ven og sjef som kunne peike ut den dårlege åtferda mi, avsluttar Sutton.

LES OGSÅ: Kva er mobbing?

Fakta

Robert I. Sutton (fødd 1954 i Chicago) er professor i leiarskapvitskap ved Stanford Engineering School og forskar innan provbasert leiarskap.

Sutton er òg ein bestseljande forfattar og talar.

Kjelde: Wikipedia, bobsutton.net