– Eg vart baksnakka og behandla dårleg

Då kronprinsen var i Volda fekk han mellom anna høyra historia til Elias Brosstad.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først i Møre-Nytt.

Ein av dei som fortalde si verdigheitshistorie til kronprinsen, var Elias Brosstad. Han kjem opphavleg frå Gausdal i Gudbrandsdalen, og flytta til Volda før dette skuleåret.

– Tidlegare har eg vorte baksnakka og behandla dårleg, og eg treivst ikkje på skulen eg gjekk på tidlegare, fortalde Elias i innlegget sitt under kronsprinsbesøket på Volda vidaregåande skule måndag.

Sjå bilde frå kronprinsbesøket

Då han flytta til Volda, forandra alt seg.

– Eg har vorte utruleg godt teken imot her, og fått det mykje betre. Sjølvtilliten min har også vorte betre, fortalde Elias.

Etter at han kom til Volda, har Elias til og med vorte elevrådsleiar ved skulen. 

LES OGSÅ: – Tenk over kva fotavtrykk de vil setje frå dykk i samfunnet

Dette er første gong Volda vgs. arrangerer Dignity Day. Opplegget skal setje verdigheit på dagsorden i skulen, og få elevane til å samtale om temaet.

– Nokre av historiene som gjer mest inntrykk på meg, er dei som handlar om mobbing og folk som har vorte dårleg behandla. Det er godt å høyre at det er mogleg å gjere noko med det, sa kronprins Haakon etter besøket.

LES OGSÅ: – Ta grep mot mobbing