Fleire går ut av grunnskulen utan karakterar
Talet på elevar som avsluttar grunnskulen utan karakter i over halvparten av faga, er dobla sidan 2009. Urovekkjande, meiner leiaren i Utdanningsforbundet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fleire med hol i vitnemålet
I fjor vart 2.665 elevar ståande «utan grunnskulepoeng», noko som betyr at dei mangla karakter i meir enn halvparten av faga, skriv Aftenposten. Det svarar til 4,2 prosent av avgangselevane i 10. klasse. I 2009 var delen 2,2 prosent, til saman 1.352 elevar.
Det kan vere fleire grunner til at elevar endar opp utan karakter i åtte eller fleire fag og dermed blir ståande utan grunnskulepoeng. Ifølgje Statistisk sentralbyrå gir tala avgrensa moglegheit til å skilje mellom årsakene til at elevane ikkje blir vurdert. Dei aktuelle elevane misser ikkje retten til vidaregåande opplæring, men er sikra dette på særskilt grunnlag.
Leiaren i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, seier doblinga dei siste åra er urovekkjande.
– Dette er ikkje ei utvikling vi ønskjer. Eg vil derfor oppmoda skulemyndigheitene til å undersøkje nærare kva som ligg bak. (©NPK)
Les meir: