Framtida
Publisert
Oppdatert 25.09.2017 14:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er menneskeleg, men urettferdig, å vege folk basert på fyrsteinntrykk.

Saka var først publisert i Hallingdølen.

1. januar 2016 bestemte bloggar Anja Catrine Venås seg for å starte med blanke ark og lette på si eiga maske. Slik starta ho: «Kvar dag ein står opp, tek ein på seg ei maske. Ei maske som andre definerer deg ut ifrå. Blid og hyggeleg, morosam og pliktoppfyllande. Flink på skulen, glad i vennene sine. Pen. Alltid med eit smil om munnen. Lykkeleg, ikkje sant? Godteken. Og vellukka. Det er det alt handlar om. Det er slik me vil bli oppfatta. Som om alt er perfekt.»

Anja driftar instagramkonto og blogg under namnet «xanjac». Å overeksponere seg sjølv på nett og i sosiale medium har vorte ei slags form for sjølvhjelp.

– Gjennom vidaregåande var eg veldig opptatt av å halde på imaget mitt. Å vera ho som alltid var blid, alltid sminka seg og hadde fine klede. Plettfri. Vera flink på skulen og ha masse venner. Eg lærte meg å le på kommando. Det var mi maske, og eg har vore flink til å oppretthalde den. Ikkje ein gong mine nærmaste venner visste at eg var deppa, at eg hadde slite med angst og spiseforstyrrelsar, seier Anja.

Ho voks opp på Gol, ein plass der «alle kjenner alle». På godt og vondt. Ho fatta tidleg interesse for sosiale medium, blogg og foto. Gjennom den ein gong anonyme Instagramkontoen «girlyyfashiion» bygde ho seg opp ein liten flokk med følgjarar. Men brått vart instagramkontoen kopla saman med Facebook, og slik kunne følgjarane feste namn og ansikt til bileta hennar.

– Alle på skulen fekk greie på at det var meg, så eg slutta å poste mine eigne bilete. Eg vart redd for å få dritt slengt etter meg. Folk kan vera ganske dømmande.

 - – Eg har periodevis vore sjukleg opptatt av legge ut bilete av meg sjølv. Jaga etter å få flest mogleg likes, kommentarar og reaksjonar, seier Anja Catrine Venås. Om fotostilen seier ho Me leikar oss ofte med kamera, og plutseleg blir det kule bilete.

– Eg har periodevis vore sjukleg opptatt av legge ut bilete av meg sjølv. Jaga etter å få flest mogleg likes, kommentarar og reaksjonar, seier Anja Catrine Venås.

Ho flytta fokuset vekk frå seg sjølv og bygde opp ein rein inspirasjonskonto med lånte bilete av plettfrie sminkefjes, slanke bein på kvite sandstrender og Chanel-vesker. Knekte for alvor koden for korleis ein trekkjer til seg følgjarar. Vart ferdig med vidaregåande, bygdeliv og fordommar.

Litt etter litt gjekk ho frå lånte til eigne bilete att. No er Anja endeleg seg sjølv, for over 69.000 følgjarar på Instagram. «Standard og overflatisk bloggar», tenkjer du kanskje etter ein kjapp sveip gjennom nokre av bileta hennar. Ho kler seg bra, sminkar seg bra og veit kva for vinkel som er mest flatterande. Å seie at ein aldri trekker forhasta slutningar er nesten alltid løgn. Det er menneskeleg å vege folk basert på fyrsteinntrykk. Menneskeleg og naturleg, men urettferdig.

– Kanskje har eg likt merksemd heile livet, elska å spele skodespel. Eg elskar å fortelje historier til vennene mine, eg overdriv og er høglydt. Legg ut tilsynelatande perfekte bilete som eg har brukt mykje tid på å få til, og har periodevis vore sjukleg opptatt av legge ut bilete av meg sjølv. Jaga etter å få flest mogleg likes, kommentarar og reaksjonar, seier Anja.

Ho innrømmer at ho kvir seg for å leggje ut andre bilete enn sjølvportrett, fordi ho veit det gjev færre «likes». Samstundes har ho heilt openbert beina godt planta på jorda. Ho vil slett ikkje vera så sjølvopptatt som ho kanskje verkar å vera.

 - Folk les, reagerer og pratar om deg. Ein må vera klar over slike ting når ein vel å eksponere seg. Testa ut Ho fatta tidleg interesse for sosiale medium, blogg og foto. Gjennom den ein gong anonyme Instagramkontoen «girlyyfashiion» bygde ho seg opp ein liten flokk med følgjarar.

Ho fatta tidleg interesse for sosiale medium, blogg og foto. Gjennom den ein gong anonyme Instagramkontoen «girlyyfashiion» bygde ho seg opp ein liten flokk med følgjarar.

– Somme har fått for seg at eg er ei hurpe, men eg vil ikkje seie eg er det. Eg er opptatt av at folk vert behandla rettferdig, jentedrama og baksnakking er det verste eg veit. Hatar mobbing og utestenging. Det er mi hjartesak. Ja, så har du kanskje sett bilete av meg på blogg eller Instagram, men du kjenner meg ikkje. Det er rart med slike stereotypiar og fordommar. Alle er i mot det, samstundes som me alle er ein del av det. Ja, det er mykje press på at ein skal sjå slik eller slik ut og ha dei rette kleda. Men me elskar jo å få bekrefta at me ser fine ut og har fine ting, uansett om me seier at me hatar det presset. Det er eit merkeleg elsk-hat forhold. Ein vil ikkje vera ein del av det, men er det likevel, seier Anja.

No har ho også ein blogg, av den tradisjonelle typen med plass til tekst og tankar. Det ligg meir bak den elles så flotte fasaden. Ein vakker dag skal ho gje ut bok. Gjennom bloggen får ho lufta tankar om eit liv der ting ikkje alltid går like greitt.

– Eg er veldig open om mykje, og får stadig høyre at eg deler for mykje om meg sjølv. Men samstundes veit eg at det er mange jenter som kjenner seg att i det eg skriv. Det er så fint å sjå. Eg vil vera den vennen som eg sjølv ikkje hadde på vidaregåande, som ein kan sjå opp til og sjå at det er greitt å ha det vanskeleg og vera lei seg.

Anja pratar om ting ein ikkje pratar om. Blogginnlegget frå januar i fjor er langt og kjensletungt. «This is the new beginning». Ho skriv om folks behov for å bli omtykt, og kor farleg det kan vera å halde for hardt på maska. Me vil alle bli sett. Men du blir ikkje sett om du ikkje viser kven du verkeleg er. «Du trur kanskje at livet mitt er så mykje betre enn ditt. Og det er forståeleg, for det er jo det eg gjev inntrykk av. Men det er overhovudet ikkje realiteten. Og det er det ingen av dykk som veit ein dritt om.», skriv Anja. Så gjev ho ei detaljert skildring av dagen ho vart diagnostisert med cyklotymi, ein undertype av bipolar liding.

Les resten av saka i Hallingdølen!