Kven er finast i landet?
Stadig fleire Instagram-kontoar oppmodar born og unge til å publisera sjølviar som seinare blir rangert. Samtidig viser undersøking at fleire jenter har negativt sjølvbilde.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ei fersk undersøking frå Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) viser at fleire jenter har dårlegare sjølvbilde enn for få år sidan.
I tilsvarande undersøking frå 2010 hadde 12 prosent av jentene som deltok i undersøkinga negativt sjølvbilde, medan så mykje som 17 prosent var misnøgd med eigen kropp då den nye undersøkinga vart gjennomført våren 2013. Blant gutane var det både i 2010 og 2013 berre tre prosent som hadde dårleg sjølvbilde.
– Noko av forklaringa på dei høge tala kan vera at dei unge føler at dei kjem til kort i ein stressa kvardag, trur Kristinn Hegna. Som har vore prosjektleiar for undersøkinga.
– Det er mange krav til skoleprestasjonar, fritidsaktivitetar og utsjåande som kan bidra til at ein føler at ein ikkje strekker til i kvardagen.
Ifølge Hegna kan sosiale medium bidra til at det blir auka press.
– Det er veldig lett å samanlikna seg med andre – og då ofte med presentasjonar av andre som er redigert og nøye utvald for å gi eit så positivt bilde som muleg. Ungdom er spesielt sårbare for denne typen samanlikningar.
LES OGSÅ: Deler nakenbilde på Instagram
”Me rangerer deg”
Ein ny trend på bildetenesta Instagram kan vere ein av dei mekanismane som er med på å stimulera ei slik utvikling. Den siste tida har det dukka opp ei rekkje brukarkontoar som oppmodar born og unge til å publisera bilde, slik at dei kan bli rangert og vera med i kåringa av blant anna ”norges_peneste_kidz”, ”kjekkeste_penaste_norge” og ”hvorfinerduda”.
– Det er ingen tvil om at dette er bekymringsfullt, seier dagleg leiar Merethe Clausen Moe i Barnevakten til barnevakten.no.
Ho meiner slike trendar vil føre til ei rekkje knuste born som ikkje såg kva som kunne skje då dei publiserte bildet av seg sjølv. Ho trur mange born har hjartet litt i halsen når dei tenkjer ”Kva for ein score får eg?”.
– Det er så fortvilande. Born kan tenkja at dette er verdien deira. Dei får ein karakter som skal definera dei. Då er det viktigare enn nokon gong at borna forstår at "du er han du er på innsida", seier Clausen Moe.
LES OGSÅ: Ein finger med i bildet
Dei yngste rundt ti år
Blant dei ulike Instagram-kontoane som rangerer ”sjølviar” ser det ut til å vere ein nokon lunde lik fordeling mellom gutar og jenter som deltek. De yngste kan vera rundt ti år.
– Me møter over 50.000 born, unge og foreldre kvart år. Både lærarar og foreldre seier at det skjer noko med born sine sjølvbilde gjennom at dei legg ut eit bilde av seg sjølv og blir bedømt av andre, seier Merethe Clausen Moe.
– Me høyrer ofte om jenter som kjenner på at dei må vera "små damer", og at det på mange skular er eit auka press på borna når det kjem til publisering av bilde, og det å sjå bra ut.
LES OGSÅ: – Norsk ungdom har det sjukt bra
Gamalt fenomen på ny arena
Det er ikkje noko nytt at ungdom bruker nettenester til å publisera bilde av seg sjølv slik at andre brukarar kan kåre den finaste og penaste.
– For seks år sidan fann vi slike rangeringar på heimesider. No bruker dei unge det mediet dei har til rådvelde, men mekanismane og måten å gjera det på er den same, seier rådgjevar i Redd Borna, Kaja Hegg, til NRK.no.
Ho meiner den nye Instagram-trenden er problematisk, og at foreldre flest veit lite om kva borna eigentleg gjer i sosiale medium.