Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me prøver kvart år å vera litt meir morosame enn sist, seier Changemaker-leiar Tuva Krogh Widskjold.

I ein raud sofa, under ei grøn plante og eit verdskart som heng opp-ned, fortel Widskjold entusiastisk om organisasjonen ho leiar, som merkar seg ut i organisasjonsfloraen med dei kreative, fargesprakande og forbausande løysingsorienterte aksjonane sine.

Artefaktar frå gamle kampanjar dukkar opp her og der i gangane hos Changemaker.

Dei fleste kan verda samde med Widskjold i at verda er «skikkeleg urettferdig». Det som skil changemakerane frå dei fleste andre, er den usvikelege trua dei har på at det går an å gjera noko med det, berre kampanjen er kul nok.

Når andre grev seg ned i kynisme, vonløyse og avmakt ved tanken på elendigheita i verda, går Changemaker ned i det kombinerte lageret/opphaldsrommet/verkstaden i første etasje og lagar superheltkostyme eller ei to meter lang pille av pappmasjé.

– Litt av tanken er at det skal vera morosamt å gjera verda til ein betre stad. Det er viktig, seier Widskjold.

Uinspirerande lokale

Me er på besøk i Changemaker-lokala i Oslo sentrum i det dei held på å avslutta arbeidet med årets store kampanje, «Skatt 2.0», som handlar om å oppdatera det internasjonale skattesystemet for å unngå kapitalflukt. Me ville vita litt om tankegangen deira og korleis dei har arbeidd seg fram til kampanjen, som har tatt form av ein stor retrofest med rumpetasker og 90-talsgrafikk.

Det første me lærer er at kontorlandskapet dei disponerer i lokala til moderorganisasjonen Kirkens nødhjelp ikkje gir dei rette rammene for ein kreativ prosess.

– Me har hatt ein del idémyldringsmøte, mellom anna heile helger der me finn eit litt meir inspirerande lokale enn kontora her og jobbar med å finna kreative idear, ofte heime hos folk, fortel Widskjold, medan fire andre tilsette verdsendrarar sit rundt og høyrer alt ho og journalisten seier.

– Er det arbeidsro her?

– Nei. Men det bidrar også til kreativiteten at me kan kasta ball med kvarandre. Det er i alle fall viktig for meg.

Norsk eksport

– Har du ein ball?

– Nei, det skulle eg ha hatt. Det einaste me har er… kor er den?

Widskjold tar ein runde i lokalet, og finn snart det ho leitar etter: ein statuett i frosta glas med teksten «Sweet Memories». Den går på rundgang i kontoret, som ein vandrepokal.

– Når nokon har gjort noko kult, så får dei denne på pulten sin. Me fekk den av Changemaker International for nokon år sidan.

Til liks med klimaskadeleg olje og våpen frå Nammo, er Changemaker ei norsk eksportvare: Organisasjonen blei oppretta i Noreg i 1992, og har sidan spreidd seg til eit knippe andre land, frå Danmark og Finland til Kambosja og Kenya.

– Det er ofte folk som har vore på utveksling i Noreg, og så synest dei at Changemaker er så kult at dei har starta grupper i sitt eige land, forklarer Widskjold.

Då Changemaker starta for 25 år sidan, var det med ein innsamlingsaksjon der ungdomar sykla frå Nordkapp til Lindesnes. Sidan har dei gått bort frå innsamlingar og andre aksjonsformer som handlar om kva ein enkeltperson skal gjere, og fokuserer i staden på strukturar – som skattesystem og andre tørre ting som gjerne må spritast litt opp for at vanlege dødelege skal få augo opp.

Superhelt og stigebil

Når Widskjold skal trekkja fram ein særleg vellukka kampanje, nemner ho «Siggy-kampanjen». Der gjorde Changemaker tidlegare finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap) til superhelt for å få han til å innføra land-for-land-rapportering, som etter det me forstår handlar om å motverka kapitalflukt.

Dåverande finansminister Sigbjørn Johnsen lova i 2012 at Noreg skulle innføra land-for-land-rapportering frå 1. januar 2014. Foto: Changemaker

– Det var eit tema som er ganske komplisert, men der ein klarte å gjera det til noko enklare og veldig positivt, seier Widskjold.

Siggy oppfylte kravet, og blei superhelten Changemaker ønskte seg. Alle har ikkje fått den same positive merksemda frå organisasjonen.

– Me har også hatt ein kampanje der me fotfølgde Jonas Gahr Støre, og stilte opp på alt han var på og stilte han det same spørsmålet. Støre har sagt at han var litt misunneleg på Siggy.

I den store, svarte mappa som dokumenterer Changemaker-historia stoppar Widskjold også opp ved eit oppslag med nasjonalromantiske bilete der bunadskledde ungdomar poserer med tunge våpen. Kampanjen handla om norsk våpeneksport, og i tillegg til postkortmotiva hadde Changemaker laga små, gule sjokoladar der det stod «Fred» i staden for «Freia».

«Et lite stykke Norge», står det på antivåpeneksportsjokoladane som Changemaker aldri fekk delt ut. – Me hadde kontoret fullt av sjokolade, seier Tuva Krogh Widskjold.

– Freia blei ikkje så glade for dette, det hadde me ikkje tenkt på. Dei ville saksøka oss, så me kunne ikkje dela dei ut, me måtte berre eta dei opp, seier Widskjold.

Det er ikkje det einaste dømet på at ting ikkje alltid går som det skal når Changemaker lagar kampanjar.

– Me hadde ein kampanje som var veldig komplisert, på eit nivå som var litt vanskeleg å forstå. Den handla om handelssystem, og me kjøpte ein stigebil med namnet Stig, som me hadde med på ein aksjon. Elles var den stigebilen mest eit problem: Den blei stolen, hamna i grøfta… Men me synest framleis løysingane var gode!

– Kva var greia med stigebilen?

– Det var liksom at ein ikkje skulle trekkja opp stigen etter seg; at fattige land skulle ha dei same moglegheitene som me hadde då me gjekk gjennom industrialiseringa. Me har nokre bilete av folk som hoppar etter stigen og sånn, men det var likevel ikkje heilt topp. Me ønskte jo at stigebilen skulle brukast til meir enn nokre bilete.

Endeleg vaksne

– Klokkene er frå ein kampanje me hadde med Kirkens Nødhjelp, og så berre dumpa dei alt hos oss. Poenget var å «gi ein vekkar til politikarane».

Changemaker held som sagt hus på same adresse som Kirkens Nødhjelp. Men samstundes med 25-årsjubileet markerer dei i år også at dei har losna banda til moderorganisasjonen og blitt ein formelt sjølvstendig organisasjon.

– Den store forskjellen er at tidlegare har styret i Kirkens Nødhjelp vore juridisk ansvarlege for det Changemaker har gjort, men no får me det fulle ansvaret sjølve, seier Widskjold stolt.

I tillegg til at dei får ansvaret for eigne handlingar, inneber vaksentilværet også at Changemaker fritt kan bestemma sin eigen formålsparagraf, som styret i Kirkens Nødhjelp tidlegare hadde vetorett over. Den fridomen har dei allereie nytta til å fjerna «Jesu ord» frå vedtektene.

– Det har vore eit ønske frå Changemaker, både frå dei som har religiøs bakgrunn og dei som ikkje har det, å få ein formålsparagraf som gjer det tydeleg at me er opne for alle, seier Widskjold, som understrekar at det viktige er at ein har lyst til å endra verda – ikkje kvifor.

«Være et udløb for Frustrationer, vedrørende at være Mand i Changemaker», står det i vedtektene til Changemakers Herreforum, som ifølgje Widskjold hadde eitt møte i ei badstu. – I det nye sentralstyret vårt er det faktisk like mange menn som kvinner. Det er første gang på lenge, seier ho.

Changemaker-leiaren innrømmer at medlemene i organisasjonen ofte passar inn i det typiske biletet av ein «organisasjonsperson» med høgt utdanna foreldre, men fortel at dei er svært opptatt av å rekruttera folk med ulik bakgrunn. Mellom anna har dei aktivistkurs på fritidsklubbar på austkanten i Oslo

Heilt typiske blir nok likevel endringsmakarane aldri.

– Me har 13-åringar som melder seg inn i Changemaker fordi dei er opptekne av internasjonal handelspolitikk, og det er ikkje den jamne 13-åringen i Noreg, seier Widskjold.

 

Sjekk også ut dei tidlegare heime hjå-reportasjane våre:

Elevorganisasjonen: – Her er det full elevmedverknad

 

Natur og Ungdom: – Her køyrer me ein slags eigen stil

Natur og Ungdom-leiar Ingrid Skjoldvær ønskjer velkomen i den gamle Oslo-bygarden der miljøvernarane held til. Bla deg vidare til fleire bilete!