Vann skrivekonkurranse om framtida til media og nyhende

Mathilde Lundeby (18) vann med engasjert innlegg.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gode nyhende er òg nyhende

– Midt oppi alt det vonde må me ikkje gløyme at gode nyhende trass alt er nyhende dei òg, skriv Mathilde Lundeby i vinnarinnlegget i skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett.  

– Det var artig å vinne, og veldig overraskande! seier tredjeklassingen ved Mandal vidaregåande skole.

Korleis får du sjølv med deg nyhende?

– Eg er generelt ganske dårleg til å få med meg nyhende, men når eg fyrst får dei med meg, er det som regel gjennom å lese aviser i papirutgåve. Eg synest det kan vere trivelig. På biblioteket på skolen har dei nyhenda for dagen tilgjengeleg, så eg les dei ofte der i lunsjen.

Kva saker er det som engasjerer deg?

– Det å fokusere på og løfte fram det positive som hender, både lokalt og globalt, trur eg er viktig. Å heidre dei som ofrar noko av seg sjølv for andre, og som står på for å gjere verda til ein betre plass å vere. Det inspirerer, og eg trur at ei slik haldning lett kan smitte over på fleire!

Synest du det er kjekt å skrive?

– Det å skrive har eg alltid syntest har vore kjekt. Når eg var mindre skreiv eg ofte historier og syntest det var ganske artig. Nå skriv eg sjeldan utanom skulen. Likevel likar eg det, viss eg får skrive om noko som eg synest er interessant og som engasjerer meg. Det kan godt hende at det er noko eg kjem til å gjere meir av i framtida.

Kva var det som gjorde at du blei med i konkurransen?

– Me fikk link til skrivekonkurransen på skulen og brukte konkurransen som ei innleveringsoppgåve. Når eg fyrst hadde skrive eit innlegg, sendte eg det inn for gøy.

Kva aviser les du til vanleg?

– Dersom eg les aviser les eg vanlegvis Lindesnes (lokalavis for Mandal) og Fædrelandsvennen (regionavis for Sørlandet). Eg likar å følgje med på det lokale. Viss eg les på nettet, les eg som regel på nrk.no eller tv2.no. Elles får eg med meg nokre nyhende gjennom Facebook. 

Juryen seier dette om innlegget til Mathilde Lundeby:

Innlegget har ein god start, og nyttar relevante eksempel til å støtte opp om argumenta. Fleire sider vert presentert, og forfattaren viser eit modent refleksjonsnivå knytt til utfordringar ved informasjonen Facebook og Google har om nettvanane våre. Teksten inneheld også meta-kommentarar som løftar nivået. Som ei avslutning kjem forfattaren med konkrete forslag til løysingar og forbetringar, og trekk konklusjonar som bind artikkelen saman. 

Les vinnarinnlegget her!

Dei fire andre som får ros frå juryen er Ingvild Spjell, Mali Ones, Magnhild Beate Orvik og Vebjørn Woll. Innlegga deira blir publisert på Framtida.no dei neste dagane.