Unge er nesten usynlege i nyheitsmedia, og stadig færre unge les aviser. Framtida.no tok ein prat med ein gjeng ungdommar om kva som er draumeavisa deira.

mm
Faktaboks

• 26 prosent av unge i alderen 16-24 år les papiravis kvar dag.
• 64 prosent av unge les nyhende på nett kvar dag.

Kjelde: Mediebarometeret til SSB

LES FAKTALUKK FAKTA

Langt under halvparten av elevane i andreklasse på medium og kommunikasjon ved Stord vidaregåande les ei papiravis kvar dag. Cirka to av tre les nettaviser kvar dag.

– Eg les ikkje aviser. Kanskje eg blar meg gjennom ei avis ein gong i månaden, seier Antonie Furnes (18) frå Bømlo.

– Kvifor ikkje?

– Det eg treng å vita får eg vita gjennom vener og familien. Det står sjeldan noko spennande i Bømlo-Nytt.

– Har du for dårleg tid til å lesa avisa?

– Eg har masse tid, men ikkje interesse av det, seier ho.

– Eg les fordi det er lokalt. Det er kjekt å sjå kjente, og så er det når det er noko spennande som har skjedd – eller noko litt løye, som Fiskedama, seier Kristine Oma (17) og ler.

Ho tenkjer på eit kunstverk som vaker i fjøra på Leirvik, og som stadig har vore i lokalavisa Sunnhordland – både i debattspaltene og på nyhendeplass, seinast då dama blei utsett for hærverk.

– Eg kjem frå Bergen, og i Bergens Tidende står det meir variert og fleire saker som er meir varierte og meir interessante å lesa – om filmar, politikk og andre ting som skjer, seier Sunniva Kathinka Stenset (17).

Facebook og andre sosiale medium gjer at ungdommane meiner dei får med seg det som skjer likevel.

– Er det ei ulukke her, så veit alle kva som har skjedd før nettavisa gjer det, seier dei.

LES OGSÅ:Internett tar meir av fritida

Draumeavisa

– Kva er draumeavisa dykkar – som de kunne tenkja dykk å lesa?

– Det må vera meir om ungdom, seier Kristine.

– Det må vera ei avis som er relevant for meg og livet mitt. Eg bur på Bømlo, og det er ikkje så mykje spennande som skjer her, seier Antonie.

Ho kunne tenkja seg eit kort samandrag av dei viktigaste nyhenda ein gong i veka.

– Får eg det på epost, så les eg det i alle fall, seier ho.

På kultursidene vil ungdommane ha stoff som får folk ut av dørene.

– Til neste år skal de få stemma for første gong. Korleis vil de finna ut kva de skal stemma?

– Internett, lese i avisa og snakka med mamma og pappa, kjem det kjapt frå ungdommane.

LES OGSÅ:Frå kjøkenbordet til lokalavisa

– Må bli flinkare
På UNG-konferansen sist veke blei det lagt fram ei undersøking som viser at unge er nærmast usynlege i media.

I dei få sakene som er, så dominerer gladsaker frå sport og kultur.

Ungdom får sjeldan oppslagssakene, men må nøye seg med notisplass. Ungdom er noko meir til stades i lokale medium enn i riks- og regionale medium.

Dessutan viste det seg at unge sjølv ikkje alltid får kome til ordet. I 42 prosent av sakene var det vaksne foreldre, lærarar, trenarar, korps-/korleiarar og liknande som talte på vegne av dei unge.

– Dei redigerte media vil gjerne at ungdom skal engasjera seg i nyheitsmedium, men då må me i nyheitsmedia bli flinkare til å engasjera oss i ungdom, seier prosjektleiar Arnt Sommerlund i ei pressemelding. Han leier «Kor har du det frå?»-prosjektet, som undersøkinga er laga for.

Eit av dei overraskande funna frå denne medieanalysen var at mediehusa har så få nyheitssaker om ungdom i sine nettutgåver. Mediehuset med flest ungdomssaker på papir; heile 23 saker, brukte berre 3 av desse nyheitssakene om ungdom i nettutgåva si.

– Norske medium satsar på nett for å nå ungdomen, men ser ut til å ha gløymt at noko òg må gjerast med innhaldet på nettutgåvene, seier medieforskar Arne H. Krumsvik, som har laga undersøkinga.

Korleis er draumeavisa di? Del tankane dine i kommentarfeltet under!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE