Marit Eikemo er festspeldiktar i 2018

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho er neste års festspeldiktar

Marit Eikemo skal vere festspeldiktar under Dei nynorske festspela i Volda og Ørsta 7.–10. juni neste år. Det avslører dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng, i ei pressemelding i dag.

– Eg er glad og entusiastisk over oppdraget! Eg hamnar med dette i eit strålande selskap av nynorskforfattarar som har hatt den rolla før meg, seier Eikemo ifølgje pressemeldinga.

Blant dei som tidlegare har vore festspeldiktar finn me namn som Kjartan Fløgstad, Halldis Moren Vesaas, Ragnar Hovland, Jon Fosse, Olaug Nilssen og Agnes Ravatn. I år var Lars Mæhle festspeldiktar, og i fjor var det Ruth Lillegraven.

Finn.no

– Marit Eikemo er ei av dei skarpaste stemmene i samtidslitteraturen. Ho er ein av få satirikarar som ikkje treng å ty til ironi eller spydige karakteristikkar for å få fram poenget. Det reknar vi med at festspelpublikummet også vil få oppleve, seier Øvereng.

Eikemo debuterte som forfattar kom med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske i 1999. Sidan har det kome ei essaysamling og fire romanar. I den siste romanen Alt inkludert frå 2015 speler marknadskanalen finn.no ei sentral rolle. Her teikner Eikemo eit tydeleg og vittig portrett av Noreg i dag og viser fram korleis vi lever i fellesskap og i einsemd, nedlest av ting, på evig jakt etter meir.

Prisløna forfattar

Eikemo har vore journalist i Bergens Tidende, redaktør for Syn og Segn, informasjonssjef for Festspillene i Bergen og kunstnarleg leiar for festivalen Litteratursymposiet i Odda. Tidlegare i haust fekk ho Amalie Skram-prisen.

– Som Skram vil ho forstå, men ikkje stille seg til dommar. For dei som verkeleg forstår, kan ikkje dømme, stod det i grunngjevinga til juryen.