Lars Mæhle blir festspeldiktar

Festspelpublikummet kan gle seg til å møte ein aktuell forfattar med ein svært mangfaldig forfattarskap, med to rykande ferske bøker på trappene.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg blei veldig paff då eg fekk spørsmål om å vere festspeldiktar. Litt stolt, glad og engsteleg på ein gong. Eg er spesielt glad for at barne- og ungdomslitteratur blir tematisert, og ser fram til å jobbe fram prosjekt saman med andre kunstnarar i dette feltet, seier festspeldiktaren sjølv.

I forfattarskapen hans er det flest bøker for born og ungdom. Det store gjennombrotet kom i 2009 med fantasyromanen Landet under isen. Mange kjenner nok også barnebøkene om dei sære typane Harry og Ivar og Leseløve-serien om Knoterud FK.

LES OGSÅ: Ruth Lillegraven var fjorårets festspeldiktar

– Med Mæhle som festspeldiktar, løftar vi fram både artige og viktige bøker for born og unge, og Festspela vil også bere preg av hans særeigne blanding av humor, spenning og alvor, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

Mæhle bur i Oslo og er forfattar på heiltid. Han vaks opp på Sunndalsøra og brukar framleis heimstaden som bakteppe og inspirasjon for mange av bøkene sine. Mæhle er også manusforfattar for den nye framsyninga frå Aasen-tunet, Lurivar og det hemmelege skrinet. Denne er for tida på turné på barneskular i Sogn og Fjordane som del av Den kulturelle skulesekken, og er svært aktuell til Festspela neste år.

– Vi har ein god dialog med festspeldiktaren om programmet, og med ein så mangfaldig forfattarskap kan vi verkeleg boltre oss, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan.

Dei nynorske festspela vil som tidlegare innehalde konsertar, litteratur, samtalar, kunst og eigne program for born og unge. Festspela blir arrangert i Ivar Aasen-tunet og andre stader i Ørsta og Volda 29. juni–2. juli 2017. 

LES OGSÅ: Over 5300 var på Dei nynorske festspela

Faktaboks

Festspeldiktarar 1994–2016

1994    Kjartan Fløgstad

1995    Halldis Moren Vesaas

1996    Paal-Helge Haugen

1997    Ragnar Hovland

1998    Jon Fosse

1999    Åse-Marie Nesse

2000    Rune Belsvik

2001    Brit Bildøen

2002    Einar Økland

2003    Marie Takvam

2004    Frode Grytten

2005    Edvard Hoem

2006    Olaug Nilssen

2007    Erna Osland

2008    Lars Amund Vaage

2009    Tove Bakke

2010    Rønnaug Kleiva

2011    Bjørn Sortland

2012    Arne Moslåtten

2013    Guri Sørumgård Botheim, Sigrid Sørumgård Botheim og Lars Petter Sveen

2014    Agnes Ravatn

2015    Gunnhild Øyehaug

2016    Ruth Lillegraven

2017    Lars Mæhle