Marit Eikemo tildelt Amalie Skram-prisen

Framtida
Publisert
Oppdatert 08.11.2017 17:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Som Amalie Skram er Marit Eikemo ein sanningssøkjande forfattar. Som Skram, er Eikemo opptatt av kva som styrer dei vala menneska tar, kvifor vi handlar som vi gjer, kvifor vi ikkje vel å handle annleis. Som Skram, vil ho forstå, men ikkje stille seg til dommar, for dei som verkeleg forstår, kan ikkje dømme. Eikemo skriv med stor empati og audmjukskap, står det i grunngjevinga til juryen.

46 år gamle Eikemo debuterte som skjønnlitterær forfattar med romanen «Mellom oss sagt» i 2006. Sidan har ho blant anna gitt ut «Arbeid pågår» og «Samtale ventar», som ho fekk Nynorsk litteraturpris for i 2011.

Det er Amalie Skram-selskapet som deler ut prisen.

I fjor blei prisen tildelt Helga Flatland.