Kvar er alle borda?

Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Då eg vaks opp, åt vi alltid middag rundt eit lite bord på vårt bitte litle kjøkken. Sjølv om vi var ein familie på fem, var det ikkje snakk om å ete i stova. Etter at naboane på same tid pussa opp kjøkkenet, erstatta dei kjøkkenbordet med ein lengre kjøkkenbenk. Det var rart å komme på besøk og sjå dei ete frokost ved etestove-møblane. For meg var desse møblane noko ein brukte til finare middagar eller til selskap.

For alt eg veit var det allereie tidleg på 2000-talet blitt uvanleg å ete middag på kjøkkenet. Men var det uvanleg då, er det i alle fall det no. Kjøkkenarkitekturen har det siste tiåret fått ei radikal omvelting. For kjøkkenet er no inne i stova, og kjøkkenbordet og stovebordet har blitt ein og same ting. Om det i det heile tatt finst noko bord.

LES OGSÅ: Laga bardisk av bil

Kvar gong eg blar gjennom interiørmagasin eller bilde av eigedomar til sals, slår det meg: Kvar er alle borda? Sidan kjøkkena no er i stovene, et vel folk i stovene sine då, eller?

Kor kan ein leggje frå seg boka si? Viss folk framleis har bøker då.

Nei! For no har også salongborda begynt å forsvinne frå interørmagasina og frå eigedomsannonsane. På bilda står det gjerne berre ein stor sofa heilt åleine i rommet. Ikkje finst det nokon TV, ei heller plass til å setje frå seg chipsskåla eller middagstallerkenen når ein ser på Grand Prix eller Skavlan.

Kor skal folk liksom ete? Skal dei ha med seg maten oppi sofaen? Saman med PC-en, sidan TV ikkje lenger er trendy? Og kor kan ein leggje frå seg boka si? Viss folk framleis har bøker då, for bokyllene er også borte. Eg mistenker at trendsetjarane har fjerna eitt og eitt møbel frå husa våre, utan at nokon har merka det. No skal vi ikkje lenger leve i huset, vi skal berre vere trendy.

Og mens eigedomsmeklarar utviklar sitt eige språk, der dei fortel om «åpningsbare» vindauga, knaggar med høve for «klesoppheng» og rom med mykje «lysinnslipp», så utviklar dei også strategiar for korleis vi skal leve i vår eigen heim.

No går vi ut for å ete. Lese bøker? Gå på biblioteket.

Ete heime? Så gamaldags. No går vi ut for å ete. Lese bøker? Gå på biblioteket. Det er viktigare at stova ser stor ut enn at du skal kunne bruke henne, uansett.

Å samle seg rundt eit bord er samlande, det er det tidspunktet på dagen då familien samlar seg i fellesskap. Kva skjer om borda forsvinn, og om TV-en blir erstatta av fem PC-eller mobil-skjermar?

Med åra har trebordet på kjøkkenet vårt blitt erstatta av eit mindre Ikea-bord med fire barstolar. I dag blir bordet stort sett brukt til oppbevaring av nøklar, lommebøker og pastillar. Nokre dagar står det ein vase på bordet med blomar i. Men det er mest til pynt.

Det var ein gong bordet bar mat og barnehender, under høgrøsta samtalar. Det var då.

LES OGSÅ: Møbelsnikkaren