Møbelsnikkaren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For å vera ærleg flytte eg berre tilbake fordi eg måtte.  

Gyry Nystog er ikkje redd for å seie det som liksom ikkje skal seiast i ei lokalavis. 30-åringen hadde nemleg ingen planar om å vende nasen heim med det fyrste. Ho treivst godt som byjente, men eit samlivsbrot gjorde det naturleg å flytte tilbake til Rauland. Det vart vanskeleg som aleinemor og lærling å bu i Oslo.  

– Eg ser gode og dårlege sider med både bygd og by. Det er lange avstandar i Vest-Telemark og ein må planleggje mykje meir. Samstundes veit eg at sonen min får ein god oppvekst her.  Gyry er akkurat ferdig utdanna møbelsnikkar, og har sidan desember 2011 arbeidd saman med faren, Arild Nystog, i Garatun Snikkarverkstad. Ho viser veg inn i verkstaden. Pauseromet er førebels opplyst av ein ljoskastar og dei nye takspottane heng uverksame ned frå hola sine i taket. Gyry fortel at romet er under oppussing for å bli eit koseleg mat- og pauserom og ein stad der dei kan stille ut meir av tinga som blir laga.

 – Akkurat no er det trivelegare å gange rett over vegen til mamma og pappa for å ta matpause, seier Gyry.  

Sakna praktisk arbeid  
17. juni avla ho den avsluttande sveineprøva i møbelsnikkarfaget, i verkstaden faren og bestefaren bygde i 1975. Etter eitt år på møbelsnikkarskule i Mysen og to år med læretid fordela på SJ Innredninger i Oslo og Garatun Snikkarverkstad på Rauland er utdanninga no komplett. Men Gyry har ikkje alltid drøymt om å fylgje i farens og bestefarens fotspor. Årsstudium i kunst og design ved Høgskulen i Oslo var ikkje heilt for henne, og etter å ha fullført ei utdanning i interiørdesign var det framleis noko som mangla.

– Eg sakna det praktiske arbeidet. Ein kan sitje å teikne interiør og innreiing og det blir kjempefint, men manglar ein kunnskapen om korleis det kan bli gjort i praksis endar det gjerne ikkje slik som ein hadde tenkt. Det var ikkje det at eg ikkje ville jobbe med interiørdesign som fekk meg til å ta møbelsnikkarutdanning, men det at eg ville vera meir allsidig og fleksibel, forklarar Gyry.  

LES OGSÅ: Kjærleik ved fyrste blikk

Interiørdesign  
Den nyleg fylte 30-åringen håpar ho framleis kan få bruk for interiørdesign-bakgrunnen sin.

– Etter kvart ynskjer eg å marknadsføre at me kan tilby ei full pakke hjå Garatun Snikkarverkstad. Eg vil ikkje berre snikkere tradisjonelle kjøkenløysingar, men håpar det kan vera ein marknad for til dømes at eg kan hjelpe nokon med å pusse opp stoga deira. Då kan eg koma med forslag til alt frå val av tapet, fargar og møblar, og eg kan designe og laga møblar viss det er ynskjeleg, held ho fram.

 Men sjølv om nokon har vist iver og alt har spurt om ho kan designe møblar for dei, er Gyry usikker på om folk flest er viljuge til å betale for den type tenester.

– Mange er veldig låst til tanken om at til dømes kjøkeninnreiing skal koma frå Ikea eller ein av dei andre store leverandørane. Det er klart me ikkje kan konkurrere på prisane til Ikea, men samstundes får du det du betalar for. Her har me livstidgaranti og du får noko ikkje alle andre har. Dessutan skal ein ikkje gløyme bryet med å køyre til Oslo og stå for all montering sjølv heller.   

Moderne og tradisjonelt  
Sjølv om Gyry trivst i jobben på Rauland er det ein del ting som er annleis her enn i tigerstaden.  

– Der eg arbeidde i Oslo som møbelsnikkar fekk eg jobbe med ting som var meir i min stil. Eg likar eit enklare og meir moderne skandinavisk stiluttrykk med mykje ljost tre. Her er dei fleste kundane ganske tradisjonelle, og ikkje så lette å snu, seier Gyry med glimt i auget.  

– Eg og pappa ser veldig ulikt på mange ting på grunn av forskjellig bakgrunn. Han er meir oppteken av tradisjon, medan eg gjerne vil utfalde meg kreativt og skape noko nytt.  

Men trass i ulik interiørsmak har dottera berre gode ord om å arbeide saman med faren. 

 – Han er kjempeflink og har lært meg veldig mykje. Sjølv om det kan vera artigare å jobbe med ting som er meir lik min eigen smak, lærer eg noko nytt heile tida her, uansett kva eg lagar. Far min er rett og slett ein god læremeister. Og så er det veldig greitt at han let meg styre min eigen arbeidsdag. Utan ei så fleksibel arbeidstid ville det vore vanskeleg å ha denne jobben sidan eg er aleine med den vesle sonen min.  

 LES OGSÅ: Døve Per Kristian skal bli snikkar

Mannsyrke  
På spørsmål om korleis det er å vera jente i eit typisk mannsdominert yrke kan Gyry fortelje at det er stor forskjell på korleis ulike generasjonar ser på det. Fleirtalet av studentane på møbelsnikkarutdanninga var jenter, men nokon frå den eldre garde har uttrykt skepsis.

– Eg får absolutt flest positive tilbakemeldingar. Dei fleste som kommenterer at det ikkje er det vanlegaste kvinneyrket seier det er sprekt av meg å velje det. Det er mest dei eldre som tvilar på om eg som er jente kan gjera ein like god jobb som mannfolka.  

Førebels ser det ut til at tvilarane har liten grunn til skepsis. Gyry fekk toppkarakter på sveineprøva, og Garatun Snikkarverkstad har fullt opp med arbeid ut året i ei tid andre i bransjen legg ned.

– Me kjenner oss veldig heldige, seier møbelsnikkaren takksamt.  

Liten arbeidsplass  
Gyry veit enno ikkje kvar ho kjem til å ende opp og om ho kjem til å ta over familieverksemda kjem an på fleire ting.  

– Eg ville i tilfelle fått med meg nokon, for eg saknar å ha fleire kollegaar. Her er det berre meg og pappa. Det fellesskapet eg har opplevd på større arbeidsplassar saknar eg. Det er moro å utveksle idear og inspirere kvarandre. Gyry har sjølv kome med idear til verksemda. Etter at ho laga ei facebook-gruppe har verksemda merka auka pågang frå folk på hennar eigen alder og også generelt frå nærområdet.

– No er det stort sett folk på min alder som byggjer hus, og på denne måten når me denne målgruppa. Me merkar også at facebookgruppa har hjelpt oss å spreie informasjon i nærområdet. Før arbeidde pappa mykje i heile Telemark og også ein del i Oslo, men no har me meir arbeid her.

Og sjølv om dei er glade for det, har ikkje Gyry vant seg heilt til bygdelivet.

– Det skjer ikkje så mykje her oppe, og det kan fort bli litt kjedeleg, så eg tek meg ein bytur så fort eg får sjansen.  

LES OGSÅ: Råd for eit godt liv på bygda

– Det finst berre ei av ho  
Kviteseidingen Halvor Nyland var sensor på sveineprøva til Gyry Nystog og seier han er imponert.

– For oss i prøvenemnda er det det ekstra artig når det er jenter som vil bli møbelsnikkarar. Gyry har i tillegg ein breiare bakgrunn, og det ser ein i det ho lagar. Ho har eit spenstig avtrykk og brukar andre former enn me er vane med. Produktet ho laga var rett og slett veldig bra både i kvalitet og utsjånad. Til dette kan ikkje Gyry gjera anna enn å smile stort.

 – Det er klart det er utruleg moro å få høyre slikt. Dei skrytte meg opp i skyene og hadde berre småting å pirke på då dei kom og skulle sjå sveineprøva. Eg blei heilt overvelda eg, seier den nyutdanna møbelsnikkaren blidt. Nyland fortel at Gyry fekk toppkarakteren svært godt bestått, og at denne heng høgt her i fylket.

– Av dei sveineprøvene me i prøvenemnda i Telemark har vurdert dei siste 12–13 åra har fem eller seks fått toppkarakter, seier Nylend. At dei har vore så strenge kan Nylend forklare er heilt medvite.  

– Dette har me gjort for å halde oppe nivået i bransjen, og me ser at det har fungert. Me har fått tilbakemeldingar om at verksemder som får søkjarar frå Telemark er sikre på at dette er flinke folk, avsluttar Nyland. 

Les saka i Vest-Telemark Blad!