Laga bardisk av bil

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

For Viljar Vaage er det berre eitt bilmerke som gjeld: Volkswagen. Og då spesielt typen Transporter Caravelle T3. Han har hatt, og har framleis, fleire bilar av denne typen. Ein av dei, ein kvit Transporter T3 89-modell Syncro, fungerer som «alt mogleg-bil», blant anna til jobb. Vaage er nemleg snikkar med eige firma, og reiser rundt for ulike oppdrag.

LES OGSÅ: Byggjer Noregs råaste elbil

Han har reist nokre gonger til Tyskland på folkevogntreff, der han har ein venegjeng som også har dilla på folkevogner. Det var på eit slikt treff han fekk ideen om å laga noko ganske unikt.

– Eg såg ein bardisk laga av fronten på ein Transporter, og bestemte meg for å laga ein som var betre. Eg ville ha den klar til eit treff som skulle vera 1. mai i år, og har jobba med den eit par helger i vinter og vår. Onkel skulle kasta den gamle campingbilen sin, så då fekk eg den i staden. Eg selte campingtaket og nokre av delane, og så brukte eg fronten, nokre dører og panel til å laga ein bardisk. Eg har i hovudsak brukt vinkelslipar og bajonettsag, og sveisa delane saman, forklarer Vaage.