Island stemte imot EU-forhandlingar
Etter ei folkerøysting er det klart at Island vil halde seg utanfor Den europeiske unionen.
Laurdag 29. august stemte islendarane over om landet skulle ta opp att forhandlingane om å bli medlem av EU.
Søndag vart det klart at nei-sida trekte det lengste strået.
Stor valoppslutning
52,8 prosent stemte imot, medan 47,2 stemte for å ta opp att EU-forhandlingane, melder NRK. Heile 82,5 prosent av dei røysteføre gjekk til urnene.
Island søkte om EU-medlemskap i 2009, men i 2013 blei forhandlingane lagt på is. No stemte folket over om dei skulle halde fram med samtalane frå den gongen.
I dag er Island ein del av EØS (Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet) saman med Noreg og Liechtenstein.
Fiske og sjølvråderett
I forkant av valet snakka Framtida.no med to ungdomsorganisasjonar som har tydelege standpunkt i EU-spørsmålet: Europeisk Ungdom og Ungdom mot EU.
Odd Andre Olsen (18) i Ungdom mot EU trekte fram fiskeriforvaltninga som eitt av dei sentrale punkta i EU-debatten på Island.
– Særleg handlar det om sjølvråderett og kontrollen over eigne ressursar. Fiskeriet er svært viktig for Island, og spørsmålet om kor mykje kontroll Island vil ha over eigne fiskeressursar blir derfor heilt sentralt.
Fiskeindustrien står for nesten 40 prosent av Islands eksport, skriv VG.
Dersom Island hadde stemt ja til forhandlingar med EU, meinte både Europeisk Ungdom og Ungdom mot EU at det ville bi naudsynt med ein diskusjon om EU og EØS også i Noreg.
– Om dei vel å gå for forhandlingar, så vil det bety at Noreg må følgje godt med på kva dei får til og ikkje. Og om dei går ut av EØS, meiner eg at Noreg må ta diskusjonen ordentleg. Då må vi kanskje vurdere om vi ønskjer å stå så åleine, sa Tora Tveiten (25) i Europeisk Ungdom.

Statsminister Kristrún Frostadóttir på ein pressekonferanse om EU-valet søndag 30. august 2026. Foto: AP Photo/Marco Di Marco
Aksepterer resultatet
Måndag skal den islandske utanrikskomiteen møtast for å diskutere korleis dei skal forhalde seg til resultatet av folkerøystinga, skriv NRK.
Statsminister Kristrún Frostadóttir sa i ein tale søndag at ho vil akseptere resultatet, men halde fram arbeidet for at begge sider blir høyrde.
Ho opna for at debatten kan bli tatt opp igjen om «nokre år».
– Vi vil diskutere med utanrikskomiteen korleis vi best lukkar dette kapittelet. Vi har ikkje tenkt å ta nokon raske avgjersler, sa ho ifølgje NRK.






