Noreg har tatt imot 0,3 prosent av asylsøkarane i Europa

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå 2010 til 2015 kom det i gjennomsnitt 810 asylsøkjarar til Noreg kvar månad, men dette talet auka til 2.540 personar i 2015 då asylstraumen voks gjennom hausten. Sidan har det falle betydeleg – til 270 personar per månad i 2016 og 375 hittil i år, ifølgje Eurostat.

EUs avtale med Tyrkia og dei nye grensekontrollane i Europa er dei viktigaste årsakene at det kjem færre asylsøkjarar til Noreg, seier rådgjevar Sylo Taraku i sentrum-venstre-Tankesmia Agenda til Aftenposten.

LES OGSÅ: Asylsøkarar får læra om dugnad og barnebursdag

– Men vi får endå færre enn situasjonen normalt skulle tilseie, så du kan ikkje komme unna at innstrammingane i asylforliket og signala som er blitt sendt frå regjeringa, har hatt ein effekt, seier Taraku.

Delen på 0,3 prosent er også lågare enn Danmark, som historisk sett har lege under Noreg. Totalt har 3.525 asylsøkjarar komme til Noreg det siste året, færre enn både Danmark, Sverige og Finland. I forhold til folketalet tok Noreg imot 0,7 asylsøkjarar per 1.000 innbyggjarar det siste året, noko som er på nivå med Danmark, men klart under EU-snittet på 2,1.

Innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) uttalar at ho er «fornøgd med at mange no får avslag på asylsøknadane, og at Noreg har ein høg avslagsprosent».

FÅ OGSÅ MED DEG: “Noreg har Europas strengaste asylpolitikk, og det gjer med stolt!”