Dei som får gys av musikk har sterkare kjensler enn andre

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har du merka at kroppen endrar seg når du høyrer enkelte songar? For somme er det slik at dei pustar saman med songen, hjarteslaga går seinare og alt verkar som om det handlar om denne einskilde songen… til han er over.

Doktorgradsstudenten Matthew Sachs ved University of Southern California (USC) publiserte ein rapport i fjor som utforska folk som får gys frå musikk.

Han fann ut at folk som får kuldegys frå musikk har strukturelle skilnadar i hjernen. Dei har rett og slett eit høgare volum fiber i kroppen som bind hjernebarken deira til områda som er knytta til handsaming av kjensler, noko som fører med seg at dei to områda kommuniserer betre.

LES OGSÅ: Dette biletet lurer hjernen din

– Idéen er at det at du har fleire fibrar, og auka effektivitet mellom to regionar, betyr at du har ei meir effektiv handsaming mellom dei, sa Sachs til Neuroscience News.

Folk som får kuldegys har ei betra evne til å oppleva intense kjensler, hevda han vidare. Nett no er det berre brukt på musikk fordi det fokuserte på den auditive (høyrbare) delen av hjernebarken, men dette kan studerast på ulike måtar framover, påpeika Sachs.

Desse opplevingane er ofte knyta til minner om ein spesiell song, noko som ikkje lett kan styrast i eit laboratorium. Sjølv om det ikkje var mange som deltok i denne spesifikke undersøkinga, utfører Sachs no vidare forsking som ser på aktiviteten i hjernen når ein lyttar til songar som skapar spesielle reaksjonar.

Han håpar at dette kan gjere oss i stand til å skjøne kva som er årsaka til desse, og få til ei betre behandling for enkelte psykiske lidingar.

LES OGSÅ: Med hjerne på hjernen

Kjelde: “Brain connectivity reflects human aesthetic responses to music” av Matthew E. Sachs, Robert J. Ellis, Gottfried Schlaug, og Psyche Loui i Social and Affective Neuroscience.