Dette biletet lurer hjernen din

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med jamne mellomrom dukkar det opp merkelege bilete på nettet, og synsbedrag som er litt vanskelege å forklara.

Som til dømes biletet i toppen, som TV2 kan fortelja spreier seg som eld i tørt gras om dagen.

Det du skal gjera er enkelt – fokuser på den kvite flekken på nasen til kvinna på biletet i 15 sekund. Så kan du sjå på det kvite feltet til høgre i biletet.

Kva ser du? Om svaret er ingenting – prøv igjen, kanskje litt lengre denne gongen – så kan du lesa kva som skjer under biletet.

Illusjonen kan minna om denne kjolen, som fekk Internett til å eksplodera i vår.

På det kvite feltet til høgre for kvinna på biletet skal det dukka opp eit fullstendig fargebilete av same kvinna. Korleis går det til, om du aldri har sett biletet og ikkje har nokon aning om kva farge ho til dømes har på håret?

Det blå, svarte og kvite biletet til venstre er eit negativ – kvar farge i biletet er med andre ord på motsett sida av fargespekteret – og det du etter kvart vil sjå på høgresida, blir kalla eit «negativt etterbilete».

LES OGSÅ: Forsking: Vert glade av kattevideoar

Det kjem av gangliecellene i auga dine, som sender signal til hjernen din som identifiserer kva fargar du ser, ut ifrå primærfargane i biletet.

Professor Juno Kim ved New South Wales' School of Optometry and Vision Science gir ei forklaring til Daily Mail, ifølgje TV2.

Han forklarar at fargane me ser blir sendt til hjernen gjennom tre ulike nevronkanalar på baksida av auget. Dei tre identifiserer svart/kvitt, raudt/grønt og blått/gult. Med negativ-biletet av kvinna blir cellene som identifiserer blått svekka, og det som identifiserer gult blir styrka – og slik framkallar me til dømes hudfargen, som har nyansar av gult i seg.

LES OGSÅ: Greier du lyspære-gåta?