Slik reagerer elevleiaren på prognosen for stortingsvalet, og dette er krava hans til ei ny regjering.
Runar B. Mæland og Ragnhild S. Selstø
Runar B. Mæland og Ragnhild S. Selstø

– Det blir ein veldig interessant skulepolitikk med den prognosen me fekk no, seier Rahman Chaudhry, leiar i Elevorganisasjonen.

Han var på valvake med Oslo-studentane på Chateau Neuf då han fekk høyra nyhendet om at prognosane for stortingsvalet viser framleis borgarleg fleirtal. Det tyder på at Erna Solberg får halda fram som statsminister, og at kanskje Torbjørn Røe Isaksen (H) får ein ny periode som kunnskapsminister.

Det påverkar i så fall elevane på fleire måtar, meiner elevleiar Chaudry.

Fråværsgrensa står

– Fråværsgrensa kjem til dømes ikkje til å bli endra så mykje på om me held fram med den regjeringa og det fleirtalet me har no, seier han.

Det same trur han gjeld for det omstridde kravet om 4 i matte for å koma inn på lærarutdanninga.

– Det har det vore mykje usikkerheit rundt. Med same regjering vil det framleis vera krav om 4, og det vil kanskje til og med bli utvida til andre fag.

Yrkesfag og elevhelse

Chaudhry fortel at Elevorganisasjonen har to krav dei håper regjeringa skal innfri:

– Det eine er at ein skal halda fram satsinga på yrkesfag. Det skal vera gratis for elevane å gå på skulen, ikkje berre på papiret, men på ekte, og det er det ikkje for yrkesfagelevar i dag.

– Og så har me lyst til at regjeringa framleis skal satsa på skulehelsetenesta, med fleire øyremerka midlar og eit breiare team rundt eleven, meiner han.

Sjå heile intervjuet her:

Oppdatert: måndag 11. september 2017 22.29

Kommentarar

ANNONSE