– Eg er bekymra for Ap

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik reagerte studentane då dei såg kva veg valet gjekk

– Eg er bekymra for Ap, og så er eg bekymra for at Frp ligg så bra an. Men prognosen til Raudt og SV ser bra ut, seier Emma Jacobsen.

Ho sit i ein fullstappa sal på Chateau Neuf i Oslo for å følgje stortingsvalet. Ti sekund før prognosen var klar kl. 21 stemte salen i kollektiv nedtelling.

Den første prognosen frå Valdirektoratet viser at dei fire borgarlege partia held på sitt fleirtal med 88 mandat.

– Det blir skikkelig spennande å sjå korleis det blir! seier Trine Anette Fostervold. Korkje ho, Jacobsen eller veninna Guro Clausen var heilt fornøgde med første prognose.

– Men eg har fri i morgon, så eg skal vera på Chateau Neuf lenge! fortel Fostervold.

Få med deg Framtida.no sine live-sendingar frå valkvelden på Facebook-sida vår!

Me har også lagt ut bilete og film på Instagram. Sjå under korleis studentane på Chateau Neuf reagerte på NRK sin første prognose.