Biokol kan produserast på lågare temperatur
Forkola biomasse i form av biokol bidreg til auka jordkvalitet og reduserte klimagassutslepp dersom det blir tilført i jord. Ny forsking viser at biokol kan produserast på langt lågare temperatur ein det blir i dag, noko som vil spare energi.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dette skriv Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).
Alice Budai, stipendiat og forskar ved NIBIO, har undersøkt om det er mogleg å produsere stabilt biokol av god kvalitet ved bruk av lågare temperatur enn det som til no har vore vanleg praksis.
Resultata syner at biokol som er produsert ved ein temperatur på rundt 400 grader har eigenskapar som gjer det til eit godt og stabilt produkt, det vil seie at det potensielt kan bidra til karbonlagring i jord i fleire hundre år. Forsøka syner òg at stabiliteten ikkje blir betre dersom biokolet blir produsert med høgare temperaturar.
LES OGSÅ: Forskarar halverer karbonbudsjettet
– Biokol laga ved 400 grader viste seg dessutan å halde på meir næring i jord enn biokol laga ved både lågare og høgare temperaturar, fortel Budai og legg til at også dette er ein god grunn til å ikkje sløse med energi og heller setje seg mål om ein temperatur på 400 grader i produksjonsprosessen.
LES OGSÅ: Jordvernet svekt med ny regjering