Forskarar halverer karbonbusjettet

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bruken av fossile energikjelder må gå ned dobbelt så fort som antatt, dersom vi skal avgrense global oppvarming til to grader.  

Det skriv Climate News Network, med bakgrunn i ein artikkel i det vitskaplege tidsskriftet Nature.

I artikkelen finn forskarane at utrekningane av kor mykje karbondioksid vi kan sleppe ut i atmosfæren før den globale oppvarminga får katastrofale konsekvensar, har vore for generøse.

Berekningane er kjende som «karbonbudsjettet», og er forsøk på å anslå kor mykje CO2 verdssamfunnet kan forbrenne før vi når togradersmålet.

Togradersmålet går ut på å hindra at snittemperaturen i verda aukar med meir enn to grader sidan førindustriell tid.

Forskarane skriv i artikkelen at grensa for kor mykje CO2 vi kan sleppe ut frå 2015 og framover bør vere 1240 milliardar tonn, og ikkje 2390 milliardar tonn. Dermed halverer dei karbonbudsjettet.

– Situasjonen er dramatisk
Svein Tveitdal er klimarådgjevar i firmaet Klima2020 og tidlegare FN-direktør. Han har delt artikkelen til sine kring 167 000 Twitter-følgjarar, og er ikkje overraska over dramatikken forskarane kommuniserer.

– Om vi ikkje klarer dei måla vi sette oss i Paris-avtalen, så er vi i deep shit, seier han.

Der finst mange berekningar for kor mykje vi har att å bruke i karbonbudsjettet, og Nature-artikkelen er berre éitt av desse. Tveitdal trur mange ikkje er klar over kor dramatiske tiltak vi må gjere for å nå måla i Paris-avtalen.

LES OGSÅ: Bli med inn i eit levande laboratorium

– Om vi ikkje klarar målet om å halde oss godt under 2 graders temperaturauke, vil vi setje i gong irreversible prosessar. Det tyder mellom anna polar som smeltar ned og dramatisk havstigning, seier Tveitdal.

Han strekar under at situasjonen er dramatisk. Havnivåstigninga akselererertil dømes fortare enn vi har trudd til no og 2015 var det varmaste året nokon gong.

– Med dagens utslepp er det 20 år att til vi har kryssa togradersgrensa. Og vi har sju år att til å avgrense oppvarminga til 1,5 grad. Utan å operere med negativ utslepp i 2050, altså at vi finn opp ny teknologi som fjernar CO2 frå atmosfæren,  vil vi ikkje klare nokre av desse måla.

– Vi når ikkje måla våre
Tveitdal seier vi er inne i ei farleg utvikling, og at situasjonen er svært dramatisk.

– Det overordna problemet er at vi ikkje klarer å nå nokre av dei måla vi sjølv har satt oss, og som vitskapen fortel oss at vi må setje. Det er veldig bra at 195 land skreiv under Paris-avtalen, men den baserer seg på frivillige mål og ingen straff for dei som ikkje følgjer opp. Dersom ein legg saman måla som landa har forplikta seg til før møtet i Paris, så vil utsleppa halde fram med å auke. Kvart femte år skal landa setje seg meir ambisiøse mål, men dette går for seint. Eg trur det er mest sannsynleg at vi ikkje vil klare dei første måla landa leverte inn ein gong, seier han.

Tveitdal seier Nature-artikkelen inngår i dette biletet, der situasjonen er meir dramatisk enn folk er klar over.

– Dei neste tjue åra vil avgjere om dei neste 200 åra vert dei beste eller verste for menneska, seier han.

Mange usikre faktorar
Ifølgje forskarane bak Nature-artikkelen er det krevjande å fastslå akkurat kor mykje vi må redusere utsleppa frå fossile energikjelder for å unngå katastrofale klimaendringar.

Karbonbudsjettet er eigentleg balansen mellom utslepp frå dyr (inkludert menneske, med våre bilar, fly og fabrikkar) og kva planter og algar kan absorbere. Det er mange usikre faktorar i utrekningane, til dømes i kor mykje skogar og hav kan ta opp. Klimaforskarar forenklar reknestykket, ved å omsetje togradersmålet til kor mange milliardar tonn CO2 som kan verte slept ut i atmosfæren frå 2015. Dette er også anslag, med mange usikre faktorar.

Ifølgje Climate News Network, er det brei semje om at ei grense på 590 milliardar tonn vil vere nok til å stogge farlege klimaendringar. Spørsmålet er kor den øvre grensa for kor mykje ein kan sleppe ut skal gå, og det er her artikkelen i Nature kjem inn.

– Studien syner at vi, i nokre tilfelle, har overestimert karbonbudsjettet med mellom 50 og 200 prosent. I ytterpunkta er dette ein skilnad på meir enn 1000 milliardar tonn CO2, seier energi- og klimaforskar Joeri Rogelj til nettstaden.

Ein faktor som har ført til skilnadar i ulike berekningar, er usikkerheit kring kva vi menneske kjem til å gjere. Andre usikre faktorar er knytt til drivhusgassane metan og NOX. Sjølv om desse gassane har kortare levetid og vert slept ut i mindre mengder enn CO2, kan dei ha større innverknad på globale temperaturar.

LES OGSÅ: Handleturen forureinar mest

I artikkelen har forskarane gått gjennom ulike berekningar, og kome fram til eit forslag dei meiner er relevant for politikarane. Forskarane tek i berekninga høgde for konsekvensane av menneskeleg aktivitet, og går gjennom mogleg låg-karbon-val.

Dei meiner berekninga gir ein 66 prosent sjanse for å halde seg innanfor togradersmålet.

Trur på karbonskatt
Trass dei dramatiske berekningane, vil ikkje Tveitdal seie at kampen er tapt. Tvert om. Han vil ha ein endå sterkare kamp mot klimaendringane.

– Vi må ikkje verte paralyserte, men gjere det som skal til. For å løyse klimaproblemet må fornybar energi bli billegare enn fossil energi.

Han meiner vi ikkje er så langt unna ei slik endring, og peikar på at sol og vind stadig vert billegare.

– Men marknaden kjem ikkje til å løyse problemet. Til det er olje- og kollobbyen altfor sterk. Det som må til er ein pris på karbon, som gjer at fornybar energi vert billegare. Å innføre karbonskatt er ei utmerka løysing, og det er noko Noreg støttar.

Vil erklære krig mot klimaendringane
Sjølv om tida er knapp, er det nemleg ikkje for seint å løyse klimaproblemet. Klimarådgjevaren trekk linjer til andre verdskrig, og då Japan bomba Pearl Harbour.

– Etter angrepet sette USA alle klutar til for å kjempe mot Japan, og det klarte dei. Det er opplagt at om vi hadde satt inn ein «krig» mot klimaendringane no, så hadde vi klarte å løyse problemet. Då hadde vi skaffa masse nye arbeidsplassar i det grøne skiftet og fått mindre forureining, seier han.

Tveitdal ønskjer seg fleire av det han kallar statskvinner- og menn, som tenkjer lenger enn til neste val.

– Eg syns det er utruleg at når signala er så sterke, så klarar vi ikkje å opptre meir rasjonelt. Her i Noreg vil vi til dømes gjerne trekkje ut fossilalderen. Vi håpar at oljeprisen skal gå oppover og at ting skal bli litt som før. Det gjer at vi kjem til å søkke djupare når vi då må snu, for det må vi.

LES OGSÅ: Klimaforskaren som ikkje flyr