Organisasjon: – Jordvernet svekt med ny regjering

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Jordvernet svekt med ny regjering

Etter at Høgre og Frp tok over regjeringsmakta har Kommunaldepartementet (KMD) fått inn mykje færre innvendingar mot kommunale arealplanar, og færre av innvendingane blir tekne til følgje, skriv Nationen og viser til statistikk frå departementet. Mange av innvendingane handlar om at Fylkesmannen vil stoppe nedbygging av matjord.

LES OGSÅ: Kvar skal me få maten frå?

Før regjeringsskiftet vart rundt halvparten av innvendingane tatt til følgje, rundt 15 saker i året. Sidan hausten 2013 er det i praksis berre eitt tilfelle der klagaren har vunne fram, skriv avisa. Det er også færre saker der det blir gitt delvis medhald, mens delen der innvendingane ikkje blir tekne til følgje, aukar.

– Tala viser at jordvernet er svekt. Kommunane får oftare medhald i å byggje ned matjord, noko som gjer at evna vår til å produsere mat blir redusert, seier Øyvind Kjølberg, som leier organisasjonen Jordvern Oslo og Akershus.

LES OGSÅ: Matjord – eit klimaspørsmål

Statssekretær Per-Willy Amundsen (Frp) i KMD avviser derimot at jordvernet er svekt.

– Det er underleg at nokon seier det. Annan statistikk viser at det blir omdisponert mindre dyrka jord no enn under dei raudgrøne, seier Amundsen og legg til at regjeringa er stolte av at lokaldemokratiet vinn fram i større grad enn før. (©NPK)

LES OGSÅ: – Me kan ikkje leva på IKEA-møblar