Frank Aarebrot var ein forkjempar for unge sin plass i demokratiet


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Valforskaren frå Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen har gått bort.

Frank Aarebrot blir hylla som ein fantastisk førelesar og formidlar. Gjennom tv-sendte 200 år på 200 minuttar og 2. verdskrigen på 200 minuttar, blei han folkeeige. Lenge før det var han ein legende blant studentar i Bergen. Førelesninga 2000 års europeisk politisk historie på tre timar var alltid eit høgdepunkt for studentane på samanliknande politikk.

Han blei ein helt for mange unge politisk interesserte.

I 2015 arrangerte me i Framtida.no ein nasjonal konferanse om ungdom og valdeltaking. Aarebrot var ikkje vanskeleg å be, så lenge han kunne bli henta. Journalist Tora Hope henta han heime og følgde han til ferja. På ferjekaien venta ein bil stappfull med studentar som ville høyra Aarebrot. Og på konferansen ville mange av studentane heller sitja ute i vandrehallen og snakka med Aarebrot enn å høyra på dei andre programpostane på konferansen. Og då Aarebrot heldt føredraget sitt, så åtvara han mot at det blir fleire av han.

Frank Aarebrot tok seg tid til å snakka med fleire studentar og journalistar enn dei fleste. Mitt første oppdrag som journalist i studentavisa Samviten, var å snakka med han om den første Bondevik-regjeringa. Eg håpte eg kunne få ein halvtime med han. Det blei over tre timar på pub, der Aarebrot spanderte den eine halvliteren etter den andre. Og eg som ikkje likte øl, kunne ikkje anna enn å takka ja.

Aarebrot fekk òg tid til å forska, og har skrive viktige studiar om norsk og aust-europeisk politikk. Som valobservatør og lærar for endå fleire valobservatørar i fleire aust-europeiske land har Aarebrot forsvart demokratiet i praksis.

For oss i Framtida.no har Aarebrot vore ein inspirator gjennom den måten han har forsvart unge sin plass i demokratiet på. Til Framtida.no har Aarebrot tatt til orde for at 12-åringar bør få stemmerett. Eldrebølgja er ei viktig grunngjeving når han ønskjer å senka stemmerettsalderen i Noreg. For å prøva å motverka at eldre får endå meir makt. Han skapte mykje debatt då han i 2011 sa at eldre veljarar var ekle, egoistiske bandittar. Han bekymra seg over unge sine sjansar til å koma inn på bustadmarknaden og arbeidsmarknaden når eldre veljarar trekkjer opp stigen etter seg.

Frank Aarebrot har vore ein slik som sette stigen ned, og hjelpte folk opp. Han har hjelpt folk til å skjøna og interessera seg for historie og samfunnsvitskap – og han har vist folk inn i demokratiet.

Kvil i fred!