Aarebrot åtvarar: Det vert fleire av meg

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot, har tidlegare uttala at vi bør senke stemmerettsalderen til 16 år. Under måndagens konferanse om ungdom og valdeltaking på Stord, retta Aarebrot skyts mot sin eigen generasjon og gav krutt til dei som vil gjere det mogleg for 16-åringar å stemme ved val.

Men i motsetnad til mange av ungdomspolitikarane på konferansen, var det ikkje ungdom si eiga interesse å delta som var hovudforklaringa til professoren.

LES OGSÅ: Er grensa på 18 år katastrofal?

Demografi påverkar politikk
– Våre politikarar vil satse på kunnskap og likestilling, noko som inneber lang og likestilt utdanning. Folk får barn seint i tjueåra, og blant dei med høgare utdanning er alderen endå høgare. I tillegg er venta levealder lenger enn nokon gong, og vi har senka pensjonsalderen. Ein norsk pensjonist skal i gjennomsnitt leve i tjue år av samfunnet. Ein treng ikkje vere Einstein for å forstå kva som skjer med befolkninga då, sa Aarebrot.

Professoren drog fram høge studielån og ein hard eigedomsmarknad for førstegongskjøparar.

– Dei siste 30 åra har det vore ei massiv pengeoverføring frå 20- og 30-åringar til 70- og 80-åringar. Det har blitt vanvitig fleire eldre, og relativt sett færre yngre. Gamlingar som meg har høgast valdeltaking, og det vert stadig fleire av oss. Ettersom interessene våre endrar seg med livssituasjon, påverkar dette politikken som vert vedteke. Ein klarar å tenke på andre enn seg sjølv, men dei spørsmåla som gjer oss forbanna handlar om det som skjer no – om barnet ditt ikkje får barnehageplass, om du ikkje får ta ut ferie, eller om du mister pensjonen din. Poenget er at den demografiske samansetninga påverkar politikken.

LES OGSÅ:– 18-åringar er slett ikkje vaksne

Meiner eldre vert prioritert
Resultatet av eldrebølgja er eit demokratisk underskot, der eldre sine interesser går på kostnad av dei yngre, meiner professoren.

– Eg meiner det dødsens alvorleg. Vi bør innføre stemmerett for 16-åringar no, og byrje å planlegge for at 14-åringar skal få stemmerett, før vi byrjar å tenke på at også 12-åringar skal få stemme. I tillegg bør vi kanskje droppe prinsippet om éi stemme per borgar, og gje fleire stemmer til dei som har ansvar for umyndige personar, som småbarn eller demente. Om til dømes småbarnsforeldre hadde fått éi stemme per barn, så hadde det blitt fart på barnehageutviklinga i Noreg. Det er allereie slik i Noreg at stemmer tel ulikt, sa Aarebrot.

Han kallar eldrebølgja ei «demokratisk felle» som er «farleg for demokratiet».

– Utslaga er allereie vanvitige. Det er ufatteleg at mine studentar har ein halv million i studielån når høgare utdanning er gratis. Og det er ganske ufatteleg korleis min eigen generasjon syter og klagar. Vi vart fødd inn i velstandsauke, de vart fødd inn i økonomisk krise. Det er vi som er dessertgenerasjonen og vi er i ferd med å trekkje opp stigen bak oss, sa Aarebrot til ungdommane på konferansen.

Etter å ha kritisert sin eigen generasjon, retta Aarebrot seg mot motstandarane av stemmerett for unge. Han peika på at manglande modenskap har vore eit argument mot utvidingar av stemmeretten både for kvinner, 20-åringar og 18-åringar. Han kritiserte også argumentet om at ein bør vere myndig for å kunne stemme, ved å peike på at ein er gamal nok til å kome i fengsel når ein er 14 år og til å ha samleie når ein er 16 år.

– Dersom vi held frå med å avle så få barn, leve så lenge og vere så aldersegoistiske, så kjem det ikkje til å gå. Min bestefar bar 1,5 ikkje-yrkesaktive på sine skuldre, de kjem til å finansiere 4,5 personar som ikkje arbeider. Vi står overfor enorme utfordringar på dette punktet, og det er djupt uansvarleg å ikkje gi stemmerett til 16-åringar.

LES OGSÅ:Ikkje alle vil ha stemmerett

Unge stemmer på unge
Forsking frå førre lokalval kan tyde på at det å senke stemmerettsalderen vil gjere ungdom betre representert i demokratiet. I 2011 vart det gjort eit forsøk i 20 kommunar, der 16- og 17-åringar fekk stemmerett. 9 400 ungdommar deltok. Forskar ved Institutt for samfunnsforsking, Johannes Bergh, har undersøkt forsøket og fortel at unge politikarar fekk fleire personstemmer i forsøkskommunane enn i øvrige kommunar på valdagen i 2011.

– Det tydelegaste resultatet av forsøket var at fleire unge politikarar vart valt inn i kommunestyra i forsøkskommunane. Dette var i liten grad partia si forteneste, ettersom dei ikkje satt opp fleire ungdommar på listene i dei 20 kommunane. Mykje tyder på at det heller kjem av at unge stemte på unge.

Valdeltakinga blant 16- og 17-åringane var dessutan betre enn blant veljarar mellom 20 og 23 år. Med ei deltaking på 58 prosent kjem denne gruppa betre ut enn dei som er i byrjinga av 20-åra, men dårlegare ut enn folket under eitt i forsøkskommunane, som hadde ein oppslutnad på 63 prosent.

LES OGSÅ:LNU: – Forsøket med stemmerett for 16-åringar bør utvidast

– Det er ei generell oppfatning i valforskinga at ein i mindre grad deltek dess yngre ein er. Her var det altså ikkje slik for dei aller yngste veljarane. Ettersom ein er meir tilbøyeleg til å delta seinare i livet om ein deltok første gong ein fekk stemmerett, så kan det sjå ut til å vere lurt å gi 16-åringar stemmerett om målet er høgast mogleg deltaking, sa Bergh.

Han forklara den høge deltakinga til dels med kommunane sitt mobiliseringsarbeid og at dei yngste veljarane ofte framleis bur i heimkommunane.

ISF fann i tillegg at 16- og 17-åringane sine stemmer fordelte seg på same måte som i folket elles. Ungdommane var altså ikkje meir ytterleggåande enn foreldra.

LES OGSÅ: Vil gi stemmerett til babyar

Få ønskjer å endre stemmerettsalderen
Trass i den demokratiske fella Aarebrot meiner vi står i, er få interessert i senke stemmerettsalderen. I ei undersøking oppgav heile 4 av 5 personar at dei ikkje vil senke grensa for å delta, ifølgje Bergh.

– Ein skulle tru at ungdommen var meir positive, men også 16- og 17-åringar er generelt  negative. Dei som deltok i forsøket og fekk stemmerett var derimot hovudsakleg for å senke grensa, fortalde Bergh.

Det er ikkje nytt at skepsis mot å utvide valdeltakinga er utbreidd. Sist gong stemmerettsalderen vart endra var i 1978, då den vart senka frå 20 til 18 år. I 1977 vart folk spurde om dei tykte det var ein god ide, og resultatet var ifølgje Bergh det same som ein finn i dag.

Sjå konferansen i opptak her (før lunsj)!
Sjå konferansen i opptak her (etter lunsj)!
(Beklagar dårleg lyd i deler av opptaket!)