Skogen veks uforklarleg fort

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Produksjonsevna i skogen målt etter høgdeveksten var over 40 prosent høgare i perioden 2009 til 2014 enn i åra før, viser ein studie som forskarar ved Norsk institutt for bioforsking (Nibio) har gjort i Vestfold.

Studien stadfestar tendensar forskarane har sett i landsdekkjande studiar og andre stader i Norden, sjølv om utslaga varierer ein del.

Vekstauken i Vestfold er òg mykje større enn det forskarane har lagt til grunn i ekspertutgreiinga Klimakur 2020 og andre rapportar, så høg at dei førebels klør seg litt i hovudet og lurer på korleis dette kan ha seg.

Vekstauken i norske skogar er mykje større enn det ein kunne vente ut frå klimaendringar, ifølgje skogforskar Harald Kvaalen. Foto: Lars Sandved Dalen / NIBIO

– Ja, vi gjer det enno. Men det er nokre faktorar som er heilt openberre, slik som meir nedbør, lengre vekstsesong og høgare temperaturar, særleg på ettersommaren. Men det forklarer ikkje alt, seier seniorforskar Harald Kvaalen ved Norsk institutt for bioforsking (Nibio), ein av forskarane bak studien i Vestfold.

Det som er sikkert, meiner Kvaalen, er at klimaeffekten kan vere stor. Klimareknestykka for skogen må setjast opp på nytt.

– Den auka produksjonsevna gjer at skogen kan lagre temmeleg mykje meir karbon enn det vi har gått ut frå til no. Men vi må gjere ein ordentleg reknejobb for å kunne seie eksakt kor mykje, seier Kvaalen.

Karbonlagera i det boreale barskogbeltet, mellom anna den norske barskogen, er av dei største i verda. Når desse lagera breier seg over større areal og veks med auka fart, får det konsekvensar for klimarekneskapen, balansen mellom CO2-utslepp og karbonopptak i naturen.

LES OGSÅ: – Vi klarar ikkje å redusere klimautsleppa utan regnskogen

Skeptisk til klimaeffekten

Gjermund Andersen, leiar i skogutvalet i Naturvernforbundet, er ikkje overraska over at veksten aukar, men er slett ikkje sikker på at dette betyr auka karbonbinding i skogen.

– Større produksjon målt i kubikkmeter gir ikkje nødvendigvis større karbonbinding. Det er densiteten i det produserte tømmeret som avgjer kor mykje karbon som blir lagra, seier Andersen.

Han forklarer at det er vårveden, dei lyse årringane, som det blir meir av når eit tre veks fortare, mens sommarveden, dei brune ringane, held seg meir konstante. Sommarveden er tettare og bind meir karbon.

– Viss dette er rekna ut på grunnlag av kubikkmeter, så kan det vere litt sånn keisarens ny klede, meiner han.

Naturvernforbundet har lenge kjempa for ein overgang frå flatehogst til plukkhogst. Flatehogst og plantefelt gir ikkje berre dårlegare kvalitet på tømmeret, meiner dei, men går òg ut over det biologiske mangfaldet og ikkje minst karonlagringa under trea.

Karbonreknestykket må inkludere jordsmonn og undervegetasjon, slår Andersen fast.

– Det stemmer at grana bind mykje karbon, men nitti prosent av karbonet i skogen er lagra i bakken, i myrer og i jordsmonnet. Dessutan finst det karbon i undervegetasjon som produksjonsskogen fortrengjer, seier Andersen.

LES OGSÅ: 17 nye skogområde blir verna

Skogen i Noreg sprengjer alle vekstprognosar, viser ny forsking. Foto: John Yngvar Larsson / NIBIO

Rom for auka hogst

Kvaalen meiner derimot at ein raskare veksande skog heller kan opne nye moglegheiter for skognæringa.

– Viss vi utnyttar den auka produksjonsevna, kan vi styre tilveksten i produksjonsskogen oppover, auke verdiskapinga og ta ut meir trevirke. Det er fullt mogleg å gjere skogsdrift til ei større næring enn ho har vore, slår skogforskaren fast.

For det er ikkje minst produksjonsskogen som no skyt i vêret. Vekstauken ser ut til å vere større i planta skog enn i gammal skog der det har vore drive plukkhogst i staden for flatehogst.

Landsdekkjande studiar har tidlegare vist at gammal skog gjennomgåande har mykje dårlegare produksjonsevne enn planta skog målt etter høgde og alder. Årsaka er at plukkhogsten ein dreiv med før, førte til sein høgdevekst i ungskogen, forklarer Kvaalen. Men både gammal, og yngre planta skog har no fått betre vekstforhold.

Fleire årsaksfaktorar

Forskarane i Nibio er no i gang med å måle høgdeveksten bakover i tid inni trea, slik at dei kan sjå dette i samanheng med andre klimadata og andre faktorar som kan spele inn.

I tillegg til dei meir openberre forklaringane trur forskarane at nitrogennedfall – det vil seie ekstra gjødsling i form av sur nedbør – meir effektiv fotosyntese og betre vasshushald i trea er faktorar som bidrar til den sterke vekstauken.

– Det er fleire ting som speler inn, og vi må sjølvsagt prøve å kvantifisere kva kvar av desse faktorane betyr slik at vi får vite om dette er varig, eller om det går tilbake med litt endring i vêret, seier Harald Kvaalen.

LES OGSÅ: Søtare i nord

Skogen i Noreg

* Volum trevirke: 942 millionar kubikkmeter, nær 50 millionar meir enn for fem år sidan. Skog over 37,7 prosent av landarealet.

* Årleg tilvekst: 25,5 millionar kubikkmeter

* Årleg hogst: Rundt 10 millionar kubikkmeter

* Produktiv skog: 71 prosent av skogarealet.

* Gammal skog: 7 prosent, nær ei dobling sidan 2000. Innslaget av dødt trevirke har auka med 30 prosent dei siste tjue åra og utgjer no rundt 100 millionar kubikkmeter.

* Verna skogareal: 4,5 prosent

(Kjelde: Landsskogtakseringa, Nibio)