17 nye skogområde blir verna

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Stortingets mål om 10 prosent skogvern skal berre oppnåast gjennom vern av offentleg skog eller gjennom den frivillige ordninga for skogvern. Vernet vi vedtar no er eit viktig ledd i dette. Eg vil rose dei mange skogeigarane som tilbyr frivillig vern, og som bidrar til at vi kan nærme oss målet om 10 prosent skogvern. Dette er eit uttrykk for eit positivt samarbeid mellom miljøstyresmaktene og skogeigarane, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H), i ei pressemelding.

Halvparten produktiv skog
Det blir flest skogreservat i Østfold, men Vikerfjell i Buskerud blir eitt av dei største reservata i landet. Forslaget omfattar cirka 83 kvadratkilometer nytt verneareal, av dei er 45 kvadratkilometer produktiv skog, opplyser Klima- og miljødepartementet.

I mai blei det kjent at eit breitt fleirtal på Stortinget samla seg bak målet om å utvide skogvernet til 10 prosent av det norske skogarealet. Stortingets vedtak om vern av 10 prosent er langsiktig.

Samarbeidspartia blei einige om ei løyving på 392 millionar kroner til skogvern i budsjettforliket.

Frivillig skogvern
Verneforslaget er i hovudsak eit resultat av arbeidet med frivillig skogvern på privateid grunn. Vern av privat skog skal framleis vere frivillig. Det inneber at grunneigarane sjølv har tilbode områda for vern, mot erstatning. Interessa for frivillig skogvern har auka dei siste åra.

– Det frivillige skogvernet fungerer godt og er eit konstruktivt samarbeid. Saman sikrar vi eit representativt vern for framtida. Dette er umåteleg viktig. Denne lista følgjer godt opp tidlegare vern. Eg er også glad for at ein også har sett på offentleg eigd skog i denne samanhengen, seier Rigmor Andersen Eide (KrF). (©NPK)

Fleire liknande saker?

Ein ny teknikk som pumpar CO2 inn i vulkansk stein kan bli viktig mot global oppvarming

Dårlege nyheiter: Du har større klimafotavtrykk enn du trur.

Kor mykje kan du eigentleg om klima? Prøv deg på klimaquizen vår!