Grøntfôr søtare i nord

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søtare i nord

– Dei lågare temperaturane, kombinert med mykje lys, fører til at både mat og fôrvekstar generelt har eit høgare sukkerinnhald enn planter dyrka lenger sør. Både gulrøter og kålrot frå nord smakar faktisk søtare og mindre bittert enn tilsvarande grønsaker dyrka lenger sør, heiter det på nettsida til Biforsk, som står bak forskinga.

LES OGSÅ: 3 av 10 gulrøter er for stygge

Brokkoli søtare i kulde
Dei same klimatilhøva fører også til at frukt og grønt frå nord inneheld stoff som verkar som antioksidantar.

Det er særleg grønsaker som kålrot og brokkoli som får ulik smak og ulik utsjånad med ulik temperatur. Forskarane konkluderer til dømes med at kålrot blir både søtare, sprøare og saftigare når ho blir dyrka med låge temperaturar.

LES OGSÅ: Lite gift i norsk mat