Terje Breivik vil stramma inn handlingsregelen endå meir

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han vil stramma inn handlingsregelen endå meir

Oljepengebruken har auka med 60 prosent under Siv Jensen si tid som finansminister. På fire år har regjeringa brukt 759 oljemilliardar, 254 milliardar kroner meir enn den siste regjeringa til Stoltenberg, ifølgje Dagens Næringsliv.

– Dersom norske politikarar ikkje er i stand til å prioritera betre og får ned auken i oljepengebruken vil det ikkje vera noko igjen til pensjon for dei som går ut i arbeidslivet no, sa Tord Hustveit, leiar i Unge Venstre i Framtida.no onsdag.

LES SAKA: Fryktar for pensjonen og velferda til dagens unge

Han ber moderpartiet om å halda igjen i neste stortingsperiode.

Stramma inn handlingsregelen

Før sommaren vedtok Stortinget å stramma inn handlingsregelen. Handlingsregelen er ein regel som set grenser for kor mykje Stortinget kan bruka av inntektene frå olje og gass. Frå starten i 2001 forplikta Stortinget seg til å ikkje bruka meir enn fire prosent av verdien av oljefondet. Det var det ein håpte fondet skulle kasta av seg på sikt.

Men sidan då har utviklinga i verdsøkonomien svekkt trua på at avkastinga vil bli så høg over lang tid. I vinter gjekk programkomiteen til Arbeidarpartiet inn for å endra regelen til tre prosent, og ikkje lenge etterpå gjekk regjeringa inn for det same. Rett før sommarferien vedtok Stortinget innstramminga.

– Det er betre, men viss ein ikkje vil senda rekninga til framtidige generasjonar, så er òg tre prosent for høgt, seier Terje Breivik. Han er nestleiar i Venstre og medlem i finanskomitéen på Stortinget. Han tar til orde for å utvikla handlingsregelen vidare, som òg tar omsyn til at verdien på fondet kan svinga.

Opnar for kutt

Terje Breivik meiner Stortinget skal ha ros for å ikkje ha brukt meir pengar dei siste åra.

– Sjølv dei ivrigaste populistane har respektert handlingsregelen, seier han, og kallar handlingsregelen ein idiotsikker garanti mot å bruka for mykje av oljeinntektene.

– Regjeringspartia, som de vil samarbeida med, har brukt rekordmykje oljepengar, og vil ha endå lågare skatt. Korleis skal det bli pengar til velferd i framtida viss dette held fram?

– Me har stressa oljepengebruken i dei siste fire åra, men samtidig har me hatt svært dårlege år i oljeindustrien. No er me tilbake til ein meir normal situasjon, og no meiner eg me må bruka skattane og avgiftene i teneste for klimaet. Me må bruka skattane og avgiftene slik at det blir lettare å gå inn i grøne marknader, seier Breivik, og legg til at det vil vera mogleg å kutta i statsbudsjettet som no har passert 1300 milliardar kroner i året.

– Ein må òg hugsa på at Finland, med om lag like mange innbyggjarar som Noreg, har eit statsbudsjett på berre kring 750 milliardar kroner, seier Terje Breivik.

Fakta: Handlingsregelen

Handlingsregelen er ein regel som set grenser for kor mykje Stortinget kan bruka av inntektene frå olje og gass som er samla i Statens pensjonsfond Utland, betre kjent som oljefondet.
Frå starten i 2001 forplikta Stortinget seg til å ikkje bruka meir enn fire prosent av verdien av oljefondet. Det var det ein håpte fondet skulle kasta av seg på sikt.
Før sommaren 2017 vedtok Stortinget å skru ned forventningane til tre prosent avkasting.
30. juni passerte verdien på oljefondet 8000 milliardar kroner.
Les meir om handlingsregelen på Allkunne.no!