Unge Venstre fryktar for velferda og pensjonen til dagens unge
– Dei norske verdiane som er mest truga er dei som står på oljefondet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dei norske verdiane som er mest truga er dei som står på oljefondet
– Dersom norske politikarar ikkje er i stand til å prioritera betre og får ned auken i oljepengebruken vil det ikkje vera noko igjen til pensjon for dei som går ut i arbeidslivet no, seier Tord Hustveit, leiar i Unge Venstre.
No bed dei moderpartiet om å halda igjen i neste stortingsperiode.
– Dei norske verdiane me bør vera mest bekymra for er verdiane i oljefondet. Dei skal sikra ein sterk velferdsstat til neste generasjon. Diverre har norske politikarar auka oljepengebruken så raskt at me om kort tid blir nøydde til å stramma inn. Her er både denne og førre regjering skuldig, seier Hustveit.
– Må halda igjen pengebruken
Perspektivmeldinga viser at me med dagens pengebruk vil måtta spara inn 5 milliardar årleg om nokre år.
– Dersom auken held fram vil me måtta kutta endå meir om nokre år. Utfordringa vår til Venstre og dei andre stortingpartia er at dei må lova å halda igjen oljepengebruken i neste periode, seier Hustveit.
– Det er lett å tenkja at dette handlar om tal på ein konto, men bak desse tala er det sjukeheimplassar og lærarstillingar i 2030. Viss me bruker opp pengane i dag svekkjer det velferda til neste generasjon, seier Hustveit.
SU: Kutt skattekutt
Unge Venstre ønskjer mellom anna å kutta i sjukelønsordninga og BSU.
I ungdomspartileiardebatten under Arendalsuka var berekraften til velferdsstaten tema. SU-leiar Andrea Sjøvoll vil heller reversera skattekutt enn å kutta i velferda:
– Me har ikkje råd til dei enorme skattekutta som dagens regjering har gjennomført. Framtidas velferdsstat må vera ein stad der alle bidrar, sa ho i debatten.
LES OGSÅ: Nesten halvparten er villige til å kutta i sjukelønsordninga
Sjå debatten her:
FpU: – Viktigare er kva me bruker pengane på
Formann i Framstegspartiets Ungdom (FpU), Kristian Svendsrud, seier til Framtida.no at for han er det viktigaste kva ein bruker pengane. Både FpU og Frp vil skilja mellom drift og investeringar i statsbudsjettet.
– Me meiner det er viktig å gjera investeringar for framtida i veg, forsking og utdanning, seier han.
Unge Venstre-leiar Tord Hustveit svarar:
– Det er viktig å bruka oljepengane i tråd med handlingsregelen, men skal me sikra at oljefondet òg er der til neste generasjon er det viktig at me ikkje brukar meir enn avkastninga. I tillegg vil ein stor auke i oljepengebruken føra til auka inflasjon, høgare rente og auka kronekurs noko som vil svekkja norsk økonomi og truga norske arbeidsplassar.
Fakta: Auke i bruk av oljepengane
Oljepengebruken har auka med 60 prosent under Siv Jensen si tid som finansminister.
På fire år har regjeringa brukt 759 oljemilliardar, 254 milliardar kroner meir enn den siste regjeringa til Stoltenberg, ifølgje Dagens Næringsliv.
Oljefondet er i dag på over 8.000 milliardar kroner.
Les meir på Allkunne.no!