Den franske presidenten sitt svar til Trump går verda rundt.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I går kveld kunngjorde president Donald Trump, som venta, at USA trekkjer seg ut av Paris-avtalen om reduksjon av klimagassutslepp.

Meir uventa var det at Trump sa at han ville forhandla om å gå inn att i avtalen på nye vilkår som er betre for amerikansk industri. Dette blei raskt avvist av leiarane i Italia, Frankrike og Tyskland, ifølgje Reuters:

– Paris-avtalen kan ikkje omforhandlast, fordi han er eit naudsynt reiskap for planeten, samfunna og økonomiane våre, sa statsminister i Italia, Paolo Gentiloni, rikskansler i Tyskland, Angela Merkel, og president i Frankrike, Emmanuel Macron i ei felles utsegn.

Også India og Kina har ifølgje New York Times lova å stå fast ved forpliktingane sine i Paris-avtalen, sjølv om USA trekkjer seg ut.

I ein tale han la ut på Facebook etter Trumps pressekonferanse, understreka Macron at Frankrike står fast ved at avtalen skal lykkast, før han kom med følgjande spark til Trump og hans berømte populistiske slagord:

– Same kor me bur, same kven me er, deler me alle det same ansvaret: «To make our planet great again».

Den nyvalte presidenten, som også appellerte til amerikanske klimaforskarar og –gründerar om å flytta til Frankrike, hadde plakatversjonen av det nye slagordet klar:

I tillegg til å vera delt over 25.000 gonger på Facebook, har biletet også fått 128.000 re-tweets på Twitter.

Sjå heile talen til Macron her: