Vil innføre praksis i alle studiar

LO og NHO vil gjere studiar meir relevante for arbeidslivet og vil at alle høgare utdanningar skal ha poenggjevande praksis.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studentar som skal bli legar, sykepleiarar, lærarar og advokatar er blant gruppene som allereie har praksis i arbeidslivet som ein del av utdanninga.

Dei to organisasjonane vil at alle skal ha ei liknande ordning, skriv Adresseavisen :

– Universiteta og høgskulane må bli flinkare til å styrkje arbeidslivsrelevansen. Eit tiltak er å innføre studiepoeng for praksisopphald, seier Hans-Christian Gabrielsen, andre nestleiar i LO. Han seier studentar som er ute i praksis har mindre fråfall i studiet og kjem seg raskare i jobb. I tillegg meiner han erfaringa gjer dei meir attraktive på arbeidsmarknaden.

LES OGSÅ: Lærarar får praksis i barnehagar og på vidaregåande.

Etterlyser praksis
Ei undersøking blant alle studentar viser at halvparten etterlyser praksis i studiane. 71 prosent av dei som har hatt praksisopphald, seier seg godt fornøgd med ordninga.

LO og NHO vil også ha obligatorisk praksis i fag som historie og statsvitskap.

– Dei færraste av studentane kjem til å ha ein yrkeskarriere innan akademia, seier administrerande direktør Kristin Skogen Lund i NHO. Ho trur praksis vil styrkje, snarare enn svekkje, den teoretiske delen av faga.

– Eg trur studenten får meir ut av studiane med litt relevant erfaring og kunnskap om korleis faget blir brukt.