Fleirtalet vil ha Oljefondet ut av kolkraft
Senterpartiet støttar eit framlegg forslag om å trekkje Oljefondet ut av selskap som eine og åleine driv med kolkraft. Dermed er det fleirtal på Stortinget for dette.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil ha Oljefondet ut av kolkraft
Sp avgjorde dette tysdag, fortel NRK.
– Vi vil selje oss ut av dei reine kolgruveselskapa fordi det er den mest forureinande energikjelda vi har, seier nestleiar Trygve Slagsvold Vedum.
Alle partia i sentrum og på venstresida støttar forslaget.
Små investeringar
Det er representantar frå Arbeidarpartiet som står bak forslaget om å trekkje Statens pensjonsfond utland, også kjent som Oljefondet, ut av kolkraftselskapa. Finanskomiteen på Stortinget hadde høyring om saka i slutten av januar.
– Ved årsskiftet hadde vi 2,5 milliardar kroner investert i kolproduksjon. Det er 0,08 prosent av fondet. For to år sidan var summen av investeringane på 5 milliardar. Dette er små investeringar, som i tillegg er minkande, fortalde Rune Slyngstad, administrerande direktør i Noregs Bank Investment Management, under høyringa. (©NPK)