Vanskeleg å lese politiske program

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eit demokratisk problem

Lesbarheitsindeksen («liks») er eit grovt mål på kor lett eller vanskeleg ein tekst er å lese. Framtida har brukt indeksen på programma til dei ni største partia. Ikkje overraskande er konklusjonen at valprogramma er prega av tungleseleg språk.

Liks-verdien blir rekna ut frå kor mange ord det er i kvar setning, og kor mange ord på fleire enn seks bokstavar det er i teksten. Høg liks tyder på at teksten er vanskeleg. Ein tekst med liks under 40 er rekna som «lett å lese».

MDG og Frp vanskelegast
Retorikk-ekspert Jostein Sand Nilsen og Holder de ord har nyleg funne ut at innlegga politikarane held frå talarstolen på Stortinget i gjennomsnitt har ein liks på 44. Språket i partiprogramma er fleire hakk tyngre, viser gjennomgangen me har gjort.

I gjennomsnitt har programma ein liks på heile 48,5. Det er på grensa mellom det som blir rekna som «middels vanskeleg» og «vanskeleg» språk. Ap, KrF og Raudt skårar på 47, medan MDG og Frp trekk opp snittet med høvesvis 50 og 51.

Caroline Solem, generalsekretær i Dysleksi Noreg, kallar det tunge språket eit demokratisk problem. Ho viser til at 1 av 5 nordmenn har så store lesevanskar at dei har problem med å lese ein vanleg avisartikkel. Desse vil også slite ekstra med å lese partiprogramma.

– Når språket i partia sine program er så vanskelig at store deler av folket ikkje får det med seg, er det eit demokratisk problem. Partia vil vel at folk skal forstå kva dei meiner, så dei har alt å vinne på å fokusere på eit lettare og meir tilgjengelig språk, seier ho.

Grøn politikk krev forklaring
Programma me har sett på, er dei som gjeld for perioden 2013-2017. Alle partia er no i gang med å lage nye program til stortingsvalet i 2017. Caroline Solem gir dei ei klar oppmoding:

– Skriv godt og lettlese! Det er fullt mogleg å skrive lettlese utan at det går på kostnad av innhaldet, seier ho, og kjem med følgjande praktiske råd:

– Korte setningar og korte avsnitt. Unngå lange ord og framandord der det er mogleg, eller forklar dei viss dei er nødvendige for teksten. Skriv kronologisk, altså i rett rekkefølgje. Spør alltid deg sjølv: Kan det skrivast enklare? Resultatet av dette er eit betre og meir presist språk.

LES OGSÅ: Set smilefjes på politikken

Grøn politikk krev forklaring
Ingrid Liland, som er leiar for programkomiteen i MDG, seier dei er opptatt av å skrive slik at folk forstår i det nye programmet. Ho er ikkje nøgd med at programmet dei har i dag er vanskelegare å lesa enn mange andre partiprogram.

– Eg håper grunnen til at det er sånn er at me tar opp ein del tema som ikkje har vore så vanleg å prata om i politikken førebels, seier Liland.

Gjennomgangen til Jostein Sand Nilsen og Holder de ord viste også at Dei grøne har brukt eit vanskeleg språk sidan dei kom inn på Stortinget i 2013. Den eine representanten dei har, Rasmus Hansson, har snakka seg til ein liks på 49 frå talarstolen.

LES OGSÅ: NAV-brukarane er nakne i møte med staten

Bruker LIKS i programarbeidet
Liland fortel at programkomiteen no bruker lesbarheitsindeksen i arbeidet med å gjera den grøne politikken meir tilgjengeleg i det nye programutkastet. Dei har likevel ikkje noko mål for kva nivå teksten skal ligge på.

– Fleire stader er det vanskeleg å setje mål, fordi me skal fortelje stortingsrepresentantane presist kva dei skal jobbe for, seier Liland, men legg til:

– Lesbarheitsindeksen bruker me for å ta med at jobben like mykje er for dei som ikkje jobbar med politikk til vanleg. Det er utfordrande, men nødvendig!

LES OGSÅ: Universelt utilgjengeleg

Kvantitet, ikkje kvalitet
Også tidlegare miljø- og utviklingsminister Erik Solheim brukte indeksen i arbeidet med å gjere språket sitt meir tilgjengeleg. Han og staben hans sette mål om at minst halvparten av pressemeldingane og nyhendesakene deira skulle ha ein liks på under 40.

Men sjølv om liks-verdien seier noko om kor tilgjengeleg ein tekst er, seier han ikkje alt. Språkrådet minner om at indeksen berre måler kvantitet, ikkje kvalitet, og at han difor ikkje kan brukast som einaste verktøy for å betre språket i ein tekst. Dei har fjerna liks-reknaren dei hadde på sine sider. Dei skriv:

«Ordenes og setningenes lengde alene gir ikke grunnlag for å vurdere kvaliteten på teksten. Det er ikke noe mål i seg selv å skrive så korte setninger som mulig (telegramstil) og velge bort bindeord og konkretiseringer.»

Denne teksten har ein liks på 36, og er difor rekna som lettlesen.

KOMMENTAR: Strakstiltak i forhold til tåkespråk

Faktaboks

Gjennomgangen er basert på utdrag på minst 4 000 ord frå ulike kapittel i dei gjeldande programma til partia. Me har brukt LIKS-reknaren på http://haubergs.com/rix.

Gjennomsnittleg tal ord per setning og LIKS-verdi i programma for kvart parti:

Ap: 15,6 / 47
H: 16,7 / 48
Frp: 17,1 / 51
KrF: 17,4 / 47
Sp: 15,8 / 49
V: 17 / 49
SV: 16,5 / 48
MDG: 16,5 / 50

Forklaring på LIKS-verdiar:
< 30: Veldig lettlese
30-40: Lettlese
40-50: Mellomvanskeleg
50-60: Vanskeleg
> 60: Veldig vanskeleg