Bokmålsbrukarane på Stortinget uttrykkjer seg meir komplisert enn nynorsk-kollegaene.
mm

Det viser ein analyse som Holder de ord har gjort for Framtida.

Organisasjonen har samla data for innlegga som er halde frå talarstolen på Stortinget sidan 1998. I samarbeid med retorikk-ekspert Jostein Sand Nilsen, som driv nettstaden retorikeren.no, har dei nyleg funne ut kven av stortingspolitikarane som har det enklaste og vanskelegaste språket med metoden liks («lesbarheitsindeks»).

Høg liks tyder på at ein tekst er vanskeleg, med lange setningar og mange lange ord. Ein tekst med liks under 40 er rekna som «lett å lese».

Nynorsk er enklast
No har me altså fått tala fordelt på skriftspråk, og dei viser at nynorsk gir eit enklare språk:

Innlegga som er referert på bokmål, har ein liks på 43 i gjennomsnitt. Nynorskinnlegga har ein liks på berre 41.

Begge delar er innanfor same liks-kategori: «middels vanskeleg», på nivå med ein avistekst. Med nesten 23 000 innlegg på nynorsk og 229 000 på bokmål i datagrunnlaget er det likevel ein talande forskjell.

Politikarane vel sjølve om dei vil ha innlegga sine referert på bokmål eller nynorsk. Sidan dei ofte brukar manus frå talarstolen, får språket gjerne eit skriftleg preg, sjølv når dei snakkar dialekt.

Me har også sjekka språket i partiprogramma. Les resultata av testen vår her!

Brukte jærdialekta
Den stortingspolitikaren som har brukt det enklaste språket frå talarstolen, er også ein nynorskbrukar: Unn Aarrestad (Sp). Ho møtte på Stortinget som vararepresentant for Rogaland frå 1997 til 2000, og hadde ein liks på 38 i snitt i sine innlegg. Aarrestad peikar sjølv på dialekten og nynorsken som ein del av forklaringa:

– Eg trur det kan koma av at eg brukte den jærske dialekten min i alle innlegga på Stortinget. Dette vart igjen referert på nynorsk som igjen kan verka klarare enn bokmål (særleg det konservative), seier ho i ein epost referert på retorikeren.no.

Siri Bjerke (Ap) hadde til samanlikning det mest kompliserte språket på Stortinget, med ein liks på 51. Bjerke brukte bokmål.

Statsbudsjettet 2016
Finansminister Siv Jensen (Frp) på talarstolen i Stortinget under debatten om statsbudsjettet for 2016. Jensen brukar bokmål. Foto: Stortinget / Flickr

– Mindre snirklete
– Eg er einig med Unn Aarestad. Det er ein større verdi i nynorsk å halde ting mindre snirklete og mindre tysk/dansk i ordtilfanget, seier Jostein Sand Nilsen sjølv.

Han meiner skilnaden handlar om språk, ikkje politikk, og viser til at det ikkje er nokon vesentleg forskjell på kor komplisert dei ulike partia snakkar.

– Sidan alle partia stort sett har same liks, tyder det på at det er språket sjølv som er tunga på vektskåla, og ikkje den enkelte representanten si ideologiske overtyding, seier han, og peikar på at Frp ikkje har eit enklare språk enn andre sjølv om dei er partiet «for folk flest».

Tyder det at nynorsken er bygd opp på ein sånn måte at han er enklare å forstå enn bokmålet? Nilsen sjølv spekulerer i den retninga:

– Eg er langt frå langt frå nokon nynorskmann (frå Halden!), men eg er tilbøyeleg til å meine at ja, nynorsk etymologi er meir gjennomsynleg og orda dermed kortare og språket dermed meir forståeleg. «Tilrå» er lettare å forstå enn «anbefale», seier han, men presiserer at dette er gjettingar frå hans side.

Statsbudsjettet 2016
Stortingssalen under debatten om statsbudsjettet for 2016. Foto: Stortinget / Flickr

«…relativt langstrakt i forhold til sakens størrelsesorden…»
Eit av dei enklaste innlegga Nilsen og Holder de ord har funne fram, er kreditert til ein annan nynorskbrukar, Ingvald Godal (H). I 1999 heldt han dette innlegget, med ein liks på berre 18:

«Eg vil rå Høgres gruppe til å stemme for I. Når det gjeld II, vil eg rå dei til å stemme for punkta 1 og 2. Eg rår dei til å stemme mot punkt 3, men for vårt forslag, nr 1. Elles vil eg rå gruppa til å stemme for III, IV og V og mot forslag nr 2, frå Arbeidarpartiet. Er nokon i tvil, kan dei berre kikke på det eg gjer!»

Det mest kompliserte innlegget var det Inge Lønning som heldt – på bokmål. Her tilrår me å halde setebeltet festa og tunga beint i munnen:

«Det kan vel være naturlig å avrunde denne debatten, som jo har vært relativt langstrakt i forhold til sakens størrelsesorden sammenlignet med andre saker vi behandler i denne sal, med å konstatere at i den utstrekning alle er opptatt av å finne frem til et regelverk som er praktikabelt, og som kan gjelde på samme måte for alle partigrupper, som sikrer offentligheten legitimt innsyn, og som også har en form for revisjon som er så vanntett som revisjon kan bli i denne verden, så burde også Venstre være meget fornøyd med det, og investere resten av sin energi i deltagelsen i drøftelsene mellom Presidentskapet og de parlamentariske lederne.»

Liks = 134.

Les fleire av dei enklaste og vanskelegaste innlegga hos retorikeren.no.

Oppdatert: torsdag 24. august 2017 14.37

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE