Oljefondet kjøper elleve nye kontorbygg på Manhattan i New York.

NPK
NPK

Oljefondet har inngått ein prinsippavtale om å inngå partnarskap med Lower Manhattan's Trinity Wall Street Episcopal Church, skriv Nettavisen.

Ifølgje Bloomberg dreier det som ein partnarskap i 465.000 kvadratmeter med kontorlokale fordelt på elleve kontorbygg i området rundt Hudson Square i New York.

LES OGSÅ: Får støtte i Oljefond-kritikk

Oljefondet har sidan 2013 kjøpt fleire bygningar på Manhattan. Vanlegvis inngår fondet partnarskap med andre aktørar, der fondet eig i underkant av 50 prosent, skriv Nettavisen.

Ved utgangen av fjoråret hadde Oljefondet nær 50 prosent av eigarskapen i 7 Times Square, 601 Lexington Avenue, 470 Park Avenue South, 475 Fifth Avenue og 2 Herald Square på Manhattan.

LES OGSÅ: Oljefondet trekkjer seg frå kol

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE