Framtida
Publisert
Oppdatert 28.08.2017 14:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Skal me lage oss te? Audhild Marie Østtveit (20) sprett opp frå sofaen sin, der bibliotekarstudenten Glenn Fagervik frå Bodø(31) sit hendslengt og trøytt. Han har nett kome heim til kollektivet der han bur i Tromsø, og er for augneblinken på vitjing hjå huset si te-vertinne. Sistnemnde er frå Gvarv i Telemark, og studerer til lege. Ho kveikar ljos og serverer sjokolade og rykande varm nypete.

Skal, skal ikkje…?

– Kva for haldning opplever de at studentar generelt har til friviljug arbeid og det å ta på seg verv?
Dei tenker i togn ei stund.
– Nokre tek for mykje på seg, medan andre seier nei til alt, kjem det etterkvart frå eldstemann på einogtretti år. Han fortel at volontørar i student-Tromsø er mangelvare. Difor kan til dømes studentkafeen berre ha ope i tre timar om dagen.
Tjueåringen er einig:
– Somme er oppteken av slikt, men dei fleste tenker ikkje over det ein gong. Friviljuge er ei eiga rase.

Glenn kallar friviljug arbeid for hobbyen sin.

Glenn kallar friviljug arbeid for hobbyen sin.

– Kva er grunnen til at de sjølve seier ja til å jobbe gratis for andre?

– Ein prioriterer jo det som er viktig eller det ein har glede av, seier Audhild.
Ho kan fortelje at ho i dette skuleåret er med i styret for ein kafé og kasserar i eit studentkor,
– Eg synest det er kjekt å vere til nytte, og så liker eg ikkje å skuffe folk, smilar Glenn.
Han skriv mellom anna i studentavisa og hjelper til i ein jazzklubb. Friviljug arbeid er ein stor del av livet hans; berre skribentjobben tek minst 10 timar i veka.
– Det kan vel seiast å vere hobbyen min?

– Kva er typisk for folk som seier ja til ulønte ansvarsoppgåver?

– Dei er oftast jenter, kjem det bestemt frå Bodø-væringen, som får samtykke frå Gvarv.
– Gutar er kanskje meir individualistiske?, undrar ho.
Båe to understrekar at det å halde seg i form ikkje har noko samband med friviljug engasjement.
– Eg er jo kjempelat og trener aldri. Og eg har veldig sansen for det å sitje, kjem det frå den framtidige bibliotekaren.
– Sofa er det viktigaste møbelet i huset, samtykkar legestudenten.
Dei ser også ut til å trivst godt der dei sit og slappar av med beina opp i sofaen.

 

Tek lett for mykje tid

-Hender det at de tek på dykk for mykje til å gjennomføre studia?

– Ja, kjem det noko oppgitt frå Glenn.
– Eg prioriterer studia mine. Elles stryk eg, ler Audhild.
Glenn fortel at han ikkje har stroke enno på grunn av for lite tid til studia, men han har heller ikkje fått med seg så mykje av undervisninga som han burde.
– Men eg veit jo ikkje om eg hadde klart å bruke så mykje meir tid på studia mine i alle høve, trøyster han seg sjølv.

– Kva er det mest slitsame med vere å volontør?

– Definitivt det å vite om alt ansvaret eg har, meiner vertinna.
– Tanken på det gjer meg mindre kreativ, og difor vert det ikkje like kjekt, vedgår ho, og tenker særskilt på det å ha leiaroppgåve eller store verv.
– Eg synest heller det er vanskeleg å kome i gong, seier te-gjesten, og fortel at han har det med å utsetje ting så lenge som råd. Artiklane til studentavisa blir gjerne ferdige siste natta.

Ein gyllen middelveg?

– Korleis kan ein finne ein god balanse mellom studiar og gratis arbeid?

Austlendingen hevar ivrig røysta:

Audhild er glad for at ho har lært seg å prioritere nok tid til studia.

Audhild er glad for at ho har lært seg å prioritere nok tid til studia.

– Det har eg fått betre til i det siste! Fyrst må ein evaluere, deretter bestemme seg for kva ein vil bruke tida på, og så halde seg til det.
– Det handlar om å sjå si eiga avgrensing, meiner nordlendingen.
Glenn kan fortelje at han øver seg i dette. Til dømes står han på maillista til Amnesty, men har aldri delteke på møte. Han veit nemleg at han har problem med å avslå viss han blir spurt om å hjelpe til. Audhild er ikkje like oppglødd over passive medlemskap:
– Eg synest det er slitsamt å få brev i posten frå klubbar eg ikkje er engasjert i.

– Trur de at det ideelle hadde vore om alle studentar hadde vore engasjert i friviljug arbeid?

Dei to studentane byrjar å bli svært trøytte, og slit med å konsentrere seg.
– Eg trur folk generelt har godt av å prøve nye ting, kjem det sakte frå Glenn Fagervik.
– Så lenge det ikkje er skadeleg, tilføyer han.
– Alle burde iallfall tenke på andre. Men det handlar jo om innstillinga, ikkje om å ha ei særskild oppgåve, meiner Audhild Østtveit.
Ho går føre med eit godt døme og tek friviljug oppvasken etter kveldsteen.

LES OGSÅ: Jobbar frivillig i russetida