Russ med hjarte for ungdom

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jobbar frivillig i russetida

Som 16-åring tok Camilla steget ut i frivilligheitsrørsla. Utan å kjenna nokon, meldte ho seg hos Røde Kors.

– Eg er så glad for at eg gjorde det! Eg har lært så mykje, og treft så mange eg ikkje ville treft utanom Røde Kors. Det var sjølvsagd litt skummelt, utan å kjenna nokon, men eg vart teken inn i varmen med ein gong, seier ho og smiler når ho tenker tilbake på det.

Mykje ansvar og bratt læringskurve
På to korte år har ho rukke å få med seg svært mykje i organisasjonen, og har gått frå å vera frivillig på ungdomsklubben til å bli vald inn som leiar for Bergen Røde Kors ungdom. Som leiar her, får ein óg eit sete i styret til Bergen Røde Kors – ein stor organisasjon.

– I tillegg til dei fine gledene ved å vera frivillig, er det utruleg lærerikt! Eg har lært så mykje om organisatorisk arbeid og korleis ein stor organisasjon som Røde Kors blir drifta, forklarar ho.

LES OGSÅ: Vil ha fleire unge frivillige med på dugnad

Ny ungdomsklubb
Det er ikkje berre organisatorisk arbeid som skal lærast.

– No startar me opp ein meir permanent ungdomsklubb som skal heite Fellesverket. Det er mykje praktisk som skal gjerast, og ein vert stadig sett i nye situasjonar og utfordringar som må løysast: som at nokon er lei seg eller at alarmsystemet ryk, fortel ho engasjert.

Fellesverket er eit av hjarteborna til Camilla, og noko ho har jobba mykje med. Dette er eit nasjonalt tiltak som skal starta opp i åtte byar. Fellesverket opnar i Sverres gate 3 i starten av juni, og vil tilby alle ungdomsaktivitetane til Røde Kors. Leksehjelp, brettspel, ein plass å henga, gatemekling der ein lærer konflikthandtering, matlaging og på sikt, kanskje ein fotoklubb.

LES OGSÅ: – Å jobba frivillig er den beste måten å bli integrert på

Prosjekt med National Geographic
I tillegg til dette har dei endå eit spanande prosjekt på gong.

– Ein av gatevervarane våre vart kontakta av ei dame frå New Zealand som spurde om me kunne vera interessert i eit prosjekt. Det viste seg å vera National Geographic som skal starta eit fotoprosjekt for ungdommar, og Noreg skal vera vertskap når det for fyrste gong vert gjort i Europa, forklarar Camilla.

Her skal ungdommar få opplæring saman med nokre av verdas beste fotografar, nemleg National Geographic sine eigne fotografar. Saman skal to og to dokumentera kvarandre sine liv, og det heile endar i ei utstilling 12.august.

LES OGSÅ: Frivillig arbeid for 60 milliardar kroner

Russ og frivillig
Men korleis er det eigentleg å kombinera frivilligheitslivet med russelivet?

– Det går eigentleg veldig fint! Eg har mange typar russevener, og blir med på det eg syns er kjekt. Under rebusløpet var sjølvsagd dei fleste venene mine med som deltakarar, medan eg var der med Røde Kors og hadde haldningskampanje, ler ho.

Det har ikkje kome nokre negative kommentarar på arbeidet – tvert i mot har ho fått med mange av venene inn i frivilligheitsrørsla.

– Eg angrar verkeleg ikkje på at eg vart frivillig, og tenker at det er berre til å prøva seg om ein er interessert. Er det skummelt kan ein kanskje få med seg ein ven, og så er det jo så mykje bra ein kan velgja mellom, slik at ein finn eit arbeid ein brenn for, seier Camilla, før ho kjem med ei siste oppfordring:

– Meld deg som frivillig i dag, du kjem ikkje til å angra!

LES OGSÅ: – Kommunane bør bruka dei frivillige meir