Tett lærarkontakt motiverer elevar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

200 elevar på 9. trinn har svart på motivasjonsspørsmålet i samband med doktorgradsavhandlinga «Den svårfångade motivationen. Elever i en digitaliserad lärmiljö» av Jan Blomgren ved Göteborgs universitet. Svara avslørte nokre tydelege mønster, skriv Utdanningsforbundet.no.

– På ulike måtar seier elevane at det viktigaste er variasjon i undervisninga, ein tett og nær relasjon med læraren, at oppgåvene opplevast som meiningsfulle og at dei har eit visst spelerom for sine eigne val, avgjerder og personlege mål, seier Blomgren til Utdanningsforbundet.

Det menneskelege møtet
I utgangspunktet skulle Blomgren finne ut kva betydning det hadde at kvar elev har si eiga datamaskin. Han enda opp med å konkludere med at digitale ressursar er viktige og til god hjelp, men at ingenting kan erstatte den personlege samtalen med læraren. Forskaren blei overraska over at elevane snakka så varmt om betydninga av ein tett og nær relasjon med læraren.

– Dei legg utruleg stor vekt på det menneskelege møtet – det som ikkje er så lett å måle, men som spelar utruleg stor rolle for at dei skal få gode karakterar eller resultat seinare, fortel han.

Når elevane elles skulle skildre den gode læraren, la dei vekt på at læraren måtte vere både fagleg sterk, ha sosial kompetanse og vise følelsar og engasjement.

Framtidas superlærar kan nynorsk!, skriv studentmållaget i Nidaros