– Eg vil bruke den stemma eg har i sosiale medium til å skape engasjement

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik skal Piateed få unge til å bruke stemmeretten

– Er ikkje det ho komikaren? kviskrar ein forbipasserande til kompisen sin idet Maria Stavang går forbi dei nedover Karl Johan, ikledd dress mens ho roper at folk må stemme på henne ved stortingsvalet.

Stavang er midt i innspelinga av ein sketsj som skal oppfordre unge til å stemme ved valet til hausten, som ein del av kampanjen «Ta valet». Ho spelar politikaren Kari Nydalen, som prøver litt for hardt å vere hipp og kul for å sanke stemmer frå unge veljarar.

Oppfordrar unge til å stemme

Dersom du ikkje veit kven Maria Stavang er, er sjansen stor for at du er over 25 og kanskje ikkje brukar så mykje tid på sosiale medium.

Sidan mars 2016 har Stavang, gjennom aliaset Piateed, lagt ut videoar på Facebook og YouTube, der ho spelar ulike karakterar eller snakkar om tema ho synest er viktige.

I snitt blir kvar video sett 250.000 gonger, og først og fremst av folk mellom 13 og 25 år. På Instagram kan Stavang skilte med 89.000 følgjarar, nesten dobbelt så mange som dei største politiske partia har til saman.

Og som om ikkje det var nok, har Stavang til saman 127.000 følgjarar på Facebook og YouTube. Ho skulle dermed ha gode sjansar til å nå unge menneske og overtyde dei om at dei bør bruke stemmeretten.

Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå stemte 64,5 prosent av veljarane mellom 18 og 25 ved førre stortingsval. Det er den lågaste prosenten i alle aldersgrupper. Ved kommunevalet i 2015 var deltakinga enda lågare – 42,4 prosent.

«Opptatt», «ikkje interessert» eller «ikkje nok kjennskap til partia» er blant dei vanlegaste årsakene til at personar i denne aldersgruppa unnlét å stemme.

Vil nå vanskelege målgrupper

Bak kampanjen, som er støtta av Valdirektoratet, står Nordic Screens – eit selskap som jobbar med nokre av dei største YouTube-aktørane i Noreg. Ei rekke videoar med Stavang og andre aktørar skal bli lasta opp på YouTube og Facebook og skape ungt engasjement for stortingsvalet.

Kommunikasjonssjef i Valdirektoratet Kristina Jørgensen har stor tru på sosiale medium i denne samanhengen, og ho trur denne kampanjen vil nå grupper det elles er vanskeleg «å få tak på».

– Unge veljarar og innvandrarar høyrer til grupper som er vanskelege å nå, og det er viktig at organisasjonar som kjenner målgruppene godt kan bidra med sin kunnskap for å sikre at bodskapen kjem fram, seier ho.

Stor påverknad

Sjølv om videoane byr på mykje tull og fjas, er ikkje Stavang redd for at bodskapen skal drukne.

– Eg trur ikkje ein bør bruke peikestokk dersom ein skal engasjere. Folk skal sitte igjen med følelsen av at stemma deira betyr noko, sjølv om vi formidlar det med humor, seier Stavang.

Ho er klar over at ho har moglegheita til å påverke svært mange, og den vil ho ikkje kaste bort.

– Eg vil gjerne bruke den stemma eg har i sosiale medium til å skape engasjement. Og det er jo når ein får sånne saker som dette at det verkeleg er gøy. Eg får snakke om noko som er viktig, det er ikkje sjølvbruning eg reklamerer for, liksom, seier Stavang.

Les også intervjuet vårt med Stavang frå i fjor: Årets humortalent

Som Piateed har Maria Stavang nesten 40 000 følgjarar. Nesten 100 000 brukar å sjå humorvideoane ho legg ut kvar veke. Foto: Elise Løvereide