Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Har de lese den nye Harry Hole-boka? Der er det ei som heiter Mona Daa, som aktivt ikkje bruker diktafon. Vil de høyra den offentlege grunnen, eller den private grunnen?

Me er på besøk hos Elevorganisasjonen (EO) i Frivillighetshuset på Tøyen i Oslo. EO-leiar Sylvia Lind (20) stiller det litt uventa spørsmålet ut i rommet med det same journalisten legg diktafonen sin på det kvite møtebordet.

– Den private, svarer sentralstyrekollegaene Rahman Chaudhry (20) og Joakim Marthinsen (21) i kor.

– Denne er frå Pokemon Go-tida. Den vesle tida då absolutt alle unge menneske var ute og gjekk tur, seier Joakim om plakaten EO sendte rundt til skulestart i fjor haust.

– Fordi då kan ho vri på det intervjuobjekta seier, utan at dei kan bevisa at ho har gjort det. Den offentlege grunnen er at det er raskare å få saka ut når du ikkje må gå gjennom det folk har sagt på diktafonen først, seier Lind, og unnskyldar seg:

– Ein liten digresjon, berre.

EO-leiaren har lese Tørst med stor interesse. Den siste krimromanen av Jo Nesbø handlar om ein drapsmann som finn offera sine på Tinder og tar livet av dei med eit blodtørstig bitt i halsen. Med hjelp frå den tvilsame tabloidjournalisten blir det opp til Harry Hole finna den skuldige.

Klage på lærar

På EO-kontoret driv dei også med ein slags etterforsking av ein slags kriminalitet. Men elevane som ringer eller mailar til sentralstyret med håp om hjelp, har som regel mindre brutale saker dei tar opp.

– Ei typisk sak er ei klage på lærar; ein lærar ein ikkje er nøgd med, som gir feil karakterar, ein føler at ein blir trakka på. Korleis kan eg klaga på læraren min? Korleis kan eg byta klasse? Korleis kan eg byta skule? Det er kanskje det som går mest att, seier Marthinsen, som har jobba mykje med å svara på rettigheitsspørsmål frå elevar det siste året.

– Det er veldig mykje, og veldig mange komplekse spørsmål for nokon som ikkje har jussutdanning. Eg gjekk ut av skulen i fjor, og det næraste eg har er ein liten periode med rettslære på skulen.

Saka held fram under biletet.

– Kven er det som ser opp til Ingunn Solheim?, spør me. – Alle, svarar alle. – Eg forgudar henne, for ho er så rett på sak, seier Rahman.

– Me er idealistar

Trass i mangelen på universitetsutdanning eller ein høgare grad frå livets harde skule har EO-gjengen stor sjølvtillit på det dei gjer, både når det gjeld rettigheitsspørsmål og dei mange skulepolitiske sakene dei jobbar med.

– Me er veldig flinke på det me kan. Alle institusjonar burde byggjast rundt kva brukarane treng, og skulen er ikkje eit unnatak. Det er eleven sjølv som veit best korleis han eller ho lærer, og då er det me som er best eigna til å representera dei, seier Chaudhry, som meiner dei har nokre fordelar som unge tillitsvalde.

– Styrken vår er at me er idealistar. Det sluttar du litt å vera når du har fått deg utdanning og fast jobb, legg han til.

Hæ, kan eg gå på byen?

Over døra ruvar åsynet til ein tidlegare medlem av hovudkomiteen i Operasjon Dagsverk, som bur vegg i vegg. Han klistra opp andletet sitt sjølv ein dag han var innom på kontoret.

Saman med resten av sentralstyret og ein generalsekretær jobbar Lind, Chaudhry og Marthinsen frivillig på fulltid som tillitsvalde for vidaregåande skule-elevar landet over. Marthinsen skildrar det som «ei lita boble», og ifølgje Lind er det «ein livsstil, ikkje ein jobb». I alle fall er overgangen stor frå

– Det er ingen lærar her som smell i bordet og hysjar når det blir bråk?

– Nei, her er det full elevmedverknad, seier Lind.

– Det er litt sånn at dess meir bråk det er i kontorlandskapet, dess betre er det, for då snakkar me me saman om det me gjer. Viss det er stille her, er det nesten eit dårleg teikn, seier Marthinsen.

Ein av dei største skilnadane dei merkar, er at det aldri blir fri, aldri ferie.

– Du blir veldig sett ut når du har ei frihelg, du veit ikkje kva du skal gjera, seier Chaudhry.

– Det blir sånn: Hæ, kan eg gå på byen og gå i butikkar, går det an?, seier Lind.

– Og dette er gøy?

– Ja, når du tenkjer over det er det veldig rart. Du sit og svarar på meldingar heile helga, eller så er du på seminar, gong på gong på gong. Det er det same kvar einaste gong, men det er like gøy kvar gong også, seier Marthinsen.

Saka held fram under biletet.

– Det der er eit av mine største førebilete. Elizabeth Warren er fantastisk, seier Rahman om den røynde amerikanske jussprofessoren og politikaren.

Rundt-reising og hei-helsing

Det siste året har særleg Lind og Chaudhry brukt mykje tid på å prøva å påverka politikarane, eit arbeid som sjølvsagt held fram mot stortingsvalet i september og nye regjeringsforhandlingar.

– Det er veldig mykje rundt-reising og kaffi-drikking og hei-helsing. Det er det det går i, seier Chaudhry.

– De er på fornamn med Torbjørn (Røe Isaksen, kunnskapsminister frå Høgre) og Trond (Giske, utdanningspolitisk talsmann i Ap) og dei?

– Yes, det er me. Dei er veldig ålreite politikarar, og me har eit veldig godt forhold til dei. Dei tar elev-stemma på alvor, og så er dei veldig tydelege på det når dei er ueinige med oss.

– De har ikkje plakatar med politikarar som de kastar piler på?

– Nei, det gjorde ein før i tida. Eg har sett bilete der ein ser at kunnskapsministeren heng på veggen, og så ligg det dart-piler på pulten, seier Marthinsen.

– Me er ikkje heilt der no. Å brenna bruer funkar ikkje alltid like godt, seier Chaudhry.

Saka held fram under biletet.

– Eg sat på kontoret mitt og skulle ropa på Ragnhild, fordi ho fiksar masse praktiske ting for meg, og så ropte eg på meg sjølv, fortel Sylvia. Hendinga er dokumentert på sitatveggen, der nokre av dei andre sitata er sensurert når journalisten kjem.

Honeymoon-fase

Første juli er Lind ferdig som EO-leiar og let Chaudhry flytta seg over i sjefsstolen. Han får med seg eit heilt nytt sentralstyre med nye folk, som nett no er inne i eksamensperioden på skulen og påtroppingsperioden i EO.

Det er visstnok ei erfaring ulikt det meste anna. Dei tre elevtoppane får i alle fall store stjerner i augo når dei snakkar om det:

– Dei er i ein sånn honeymoon-fase der ein er heilt i himmelen, alt er berre regnbogar og einhjørningar, seier Marthinsen.

– Ja, du føler at du sit med så mykje innflytelse, og så har du null ansvar, seier Lind.

– Alle ser opp til deg uansett kva du gjer, fordi du er påtroppande sentralstyremedlem, seier Chaudhry.

– Åå, det er så koseleg!, seier Lind, som no førebur seg på å forlata EO-bobla.

– Korleis er det å vera avtroppande leiar, då?

– Det var litt rart i starten. Men det er eigentleg ganske deilig no, for ved å gi oppgåver til Rahman frigjer eg tid som eg kan bruka på å gå i djupna på ting som eg likar. I tillegg får eg lært litt av korleis det er å vera mentor: skyva han framføre meg og vera sånn «okei, dette fiksar du», liksom. Så no føler eg meg skikkeleg glad og tilbakelent og tilfreds med livet.

 

Me har også vore heime hjå Natur og Ungdom!

– Her køyrer me ein slags eigen stil, seier Natur og Ungdom-leiar Ingrid Skjoldvær, som ønskjer velkomen i den gamle Oslo-bygarden der miljøvernarane held til.